Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/62

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 58 —


„Den Vintren Rauen var i tridje Aare, hadde eg han i Sætri medan me laag og gav upp Sæterhøye. Han var aa kalle fullfør Hest i alle Maatar vorte da, gode halvtiande Kvart ned-i Haargarden. Det vart Skugghaaling paa Vatnom etter Jul, og eg fekk Hug til aa sjaa, um det var noko Sprang i Rauen. No har eg aldri brytt meg um Traav-Kjøring hell skjøna meg større paa aa kjøre ein Hest, men eg saag likevel, at det var det Fotlage i Gampen, at han kunde vorte meir hell ein medels Traavar i Hendom paa ein rett Traav-Kjørar.

Rauen vart gjildaste Hesten eg nokon Gong har aatt — so lett-liva og so vitug, attaat; du kunde gjerne slept ein Gutunge til aa kjørt han. Du skulde set han naar han kom i Greide og slapp aat Vegen: det var som Seletye skulde legi reint laust paa honom. Jakob Meier kjøpte han av meg da han var i femte Aare og gav meg ein rau Setel for han. Meier tenkte seg fulla aa faatt ein Primi-Traavar av honom, var Von, men ein slik Stortraavar som „Meier-Rauen“ og ho „Cattelina “ kunde han ikje verta, han var kanhende i grovaste Lage, au, til Traavar. Men da Rauen ikje vart nokon Primi-Vinnar paa Bjørviki, selde han Gampen paa Prinse-Stallen same Aare.

Andre Vintren etter eg selde Rauen, var eg inne i Byen straks etter Kristians-Marknaden, og da Meier fortalde meg, at Gampen no stod paa Prinse-Stallen, vart eg huga til aa gaa dit ein Dag, for eg tykte det skulde vera Moro aa sjaa korleis han hadde slegi seg til. Eg spurde ein av Stalldrengjom, um han kjende ein rau Hest, som var seld dit av Jakob Meier. Jau, det gjorde han, det var Raad til di, „han er ikje langt undan, han, det er ein av beste Hestom paa Stallen, det“ sa Mannen. Og medan me stod der og snakka desse Ordi, kjende Rauen Maale mitt, han stod so eit sjoug, otte Spiltaag fraa meg — han sette i aa kneggje, sleit i Grima og grov i Standfellum som han skulde vore galin. „Der er Hesten du spør um,“ sa Stall-Karen; „men kva i reine Verdi er no paa Ferd med honom — kjenner han deg?“ spurde Mannen. „Ja, eg har ali upp Hesten, eg, og difor hadde eg Hug til aa sjaa han att, etter han kom hit,“ svara eg. Men du skulde mest ikje slikt ha set! Hesten vart so ustyrleg, at Stall-Karen laut tala hardt aat honom fleire Vendur; da gjekk