Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/60

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 56 —

hine var gaadde ut medan eg og Hans Tolstad sat att og andygdes for Gaman Skuld. Best det var gauv Karane ihop, og det enda soleis, at Hans vart liggjande att aa Bak, lengst etter Brisken, Fati kvelvdest og Haglett-Myso stod som eit Hav umkring han. „Jøsses fri oss for ei Aatferd med Maten au, lel!“ sa Paal Gjætar. Eg lagde til Dørs, det beste eg orka, og Hans upp og etter meg, so Myso og Hagletta freste umkring han.

Da Kula var yvi, sette eg meg i Budøri og saag paa Hestane som gjekk umkring paa Lægre. Anders Sandbu hadde ei brun Merr med eit nauande fint, raudt Hestføl gangande der um Sumaren og det Føle hadde eg stelt med so ofte, at det hadde vorte spakt som eit Kopplamb. Medan eg sat der i Bud-Døri, kom Følungen burt-aat meg, nuppa i Huva mi, strauk seg mot Oksli mi og vilde ha meg til aa klaa seg.

„Kva vil du ha for denne Følungen, Anders?“ spurde eg. „Aa, det er slik-slag, eg har forr-mykje Øyk til vintras — gjev du meg tie Dalar, so kan du faa han.“ „Ja eg gjev deg tie Dalar u-pruta, eg; men da skal du koma sør aat meg med honom, naar du set Mori paa Stallen i Haust.“ „Nei, hente han lyt du sjøl, eg vil ikje ha noko med, aa føre han paa Staden.“ Detta trekast me um ei Rid utan at me kom til nokor grei Endelykt med di, og eg tenkte ikje meir paa det sidan.

So ein Dag paa Seinhausten raakte eg Anders nord paa Sandbuvollom. „Men vil du ikje taka Følungen din — skal eg vinterfore han au, kannhende?“ sa han da me hadde helsa paa kvarandre. „Jau, er det Aalvore ditt, eg skal ha han da?“ spurde eg. „Jau visst er det Aalvor, og er du so traasett paa at eg skal koma paa Garden aat deg med honom, fær eg taka Mori aa koma ein av Dagane.“

Og soleis vart det; han kom med Mori og den raude Følungen, og eg sette han paa Stallen og skulde ala meg Øyk av han, tenkte eg.

Da det leid yvi Jul den Vintren han var i andre Aare, bar eg til aa temja han, og det var ikje stor Vande. Eg tamde han einsleg, hjelp ikje han var so kipin og kaat han aldri kunde gaa eit rett Fet — det var framifraa til Vit i honom straks. Noko lenger fram paa Vintren tok eg til aa rusle og kjøre Mose