— 2 —
hadde nødtrøngjande Ærend utor Grendi hell inni Grendi Vaar, Sumar og Houst, var det aa klengje seg fram etter eit Raak i „Kleivom“. Det skulde no heitast aa vera ein Kløv-Veg, men han likna mest ein Maurveg og krøkte og lykkja seg soleis millom Klovur og Legar og Pallar, at Gjeite sjøl fekk ha seg all fornø’n for aa koma velskapt fram.
Berre høgste Vintren, etter det leid so langt, at Isen hadde lagt seg og alle leide Væk hadde grodt ihop, var det bergeleg Framkjømd gjenom Grendi. Og da gjekk all Ferdi etter Otta, baade fraa Lomsbygdom og Hugusokne i Heimbygden, antell det var Marknadsferd, Byferd hell Bygdaferd. I denne Vinterbolken ha Grendsfolk Timbdi av, at dei høyrde heile Heimbygde til og attaat hadde Grannar i Dalen ou, baade uttanfor og ovanfor.