— 55 —
da høgbeinte Ukse-Fee deira. Aa, me er so keide og leide utav Fehandelen no, so me mest ikje taaler høyra Fe teki pao Nabn. No skal me berre hava eit Par skikkelege Gampar, so skal det vera Slutt med Handelen i Vinter; — kan du, Jakop, seja oss tvo firaorings Gampar — rette og raine?“ „Aa dei finst alltid, naar dykk kjem lenger nord i Bygdi hell upp i Lom; her i Nærhandom veit eg ikje um nokon Hest paa den Lydska no.“ „Nai da er ikje so grait med da; Hestar er da fale kvar me kjeme, men skal da vera noko te Kretur er dai so uppi Pris, at da er plent umaulegt aa tenkja pao aa tena ein Skilling. Men prøva seg mao ein likavel, veit du, Jakop — ein mao fara aa krangla med nokre Hestakretur pao Hamni og, mao’ta. Du dreiv fulla med Hestar du og, i di Tid, og dao var da nok andra Pengar aa tena pao dei enn no, veit eg?“ „Det var no ikje so mykje eg foor med Hestehandelen, eg, so-til; Øyken var ikje Helvti so dyr den Tidi for det skulde baade stor og naufin Hest til, skulde ein naa uppi hundra Dalar med honom paa Bymarknaden. Folk rødde um det som eit Spir naar nokon fekk den Prisen for ein Hest — eg hadde ikje fleir hell tvo Hestar eg rokk upp i hundra Dalar med, all den Tidi eg foor med Handelen. Men so skulde dykk set det var Hestar au, vissa den eine av deim, Rauen, „Sandburauen“, eg kalla han.
Den Hesten kjøpte eg Føl av Anders Sandbu burt-i Heimdalen, nokre Dagar fyrr me foor or Fjelle med Fee um Hausten. Eg minnest enno som det skulde hendt i Gaar, korleis det gjekk til med Handelen med oss, me heldt det no berre som for Jaal og Gap baae tvo au, med di same. Me hadde just havt ei grepa Moro-Kule inne i Budi me Unge, skulde vera; Hans Tolstad kom burti aat oss i Gjest og Sandbumannen, han Anders, likeso — ja han skulde no sjaa til med Øykjom sine som gjekk i Heimdalen au, hann, med di same. Fegjætaren vaar, Vetl-Paal Gjætar, hadde kokt ei stor Gryte med Haglette[1] av beste Slag og reidt upp med det me hadde aa bjo paa. Anna Bord hadde me ikje hell den breide, noko holne Brisken som me bruka baade til Bord og Seng etter som me trongde. Me hadde eti fraa oss og dei
- ↑ Haglette: Kjuke som vert kokt i ny-sila Mjølk til ho er reint gul; er reint Forkunmat.