— 54 —
Dumbjølla inn i Stugo og no tagnar Røda aat Jentom og Gamle-Per legg Vaatte-Bøtingi fraa seg, skyt Glasaugo upp-under Brote paa Raudhuva, kjem og vil sjaa kva som kjem kjørande. Straks etter er den Framande inn komi, helsar Godkveld og spør um Hus for seg og Hesten sin. Det er „han August Svensk“* „August Andersson från Borås“, ein gamal Kjenning, som til kvar Vinter i mange Herrens Aar foor etter Bygdom i Dalen med „Dunvartyg, Dukdrejl, Lærret, Hufvudtørklæder, Buckskinn og Verken“. Han var ein snil, godsleg Mann, og alltid velkomin, um eg just ikje kan seja eg tykte det var braadt so gjildt at han kom i Huse, som naar Stor-Vossingen eller ein av dei hine Skreppekarom var ute aa foor. Det einaste eg tykte det var noko hævt i med alle Ty-Rullane hans, naar han bar dei inn av Sluffa og lagde deim utyvi Borde, var dei store Laksegli i Enden paa Vevane og som der stod „Kongsvinger Toldopsyn“ paa. Men August Svensk heldt seg paa Kvinnfolksida i Huse med Handelen, og eitkvart vart det alltid att etter; um ikje anna so eit Svensketurklæ til kvar av Kvinnfolki. Og det synte i Grendi etter, naar „Svensken“ hadde fari —: møtte du ei Jente eller ei Kjering paa Vegen, hadde ho nytt Svensketurklæ paa Hovude, antell raudruta hell gulruta, og soleis var det paa Skulen med Smaajentom.
August från Borås var komin seg i god Ro, hadde lagt alle Yviplaggi av og sat med uppknept Jakke, rette Beini burtetter Golve og let Skorsteinsvarmen baka seg. Mor gjekk til og fraa og rettleidde med Kveldsvorden, og August nytta Høve til aa fortelja um noko uslitelegt „starkt Dunvartyg og Lakenlærret“ han hadde. Dei hadde kjøpt so mange Alnir i den Garden og so mange i den — ho maatte da au ha ein Stump fyrr han foor av Garden att; det kunde hende han gjorde siste Ferdi denne Gongen, for han hadde tenkt aa slutte med Handelen. Da kjem tvo Lystringar gjenom Døri, byd Gokveld i Huse og spør, um dei kan verta berga med Hus enno ei Natt.
„Nei, men gaar dykk i Bygdi enno, Karar!“ sejer Far; „eg trudde dykk longe var yvi Fjelle att, eg.“ „Ja me gjeng her, men no er da og pao siste Tidi før no er me pengalause og hev reki att og fram, att og fram, so me er klædelause og. No pao Seinsti hev me fari i Uppdal og Foldalen og kaupt av