Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/57

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 53 —


Naar Grønsetmarknaden var yvi, minka det av med Ferdamenner, Handelskarar og langfarandes Folk, meir og meir. Var det ein mild Vinter, bar Føre til aa verte so ymist i Solbakkar og Sudhallor dette Leite, og Isen var heller ikje trygg lenger, vissa der han fyrst gaar upp i Straumdragom.

Dei fleste av Lystringom var farne yvi Sygnefjelle att for ei god Stund sidan og dei siste Gausdøline var au ut etter Dalen farne. Difor var det stillar og mindre folkesamt heime paa Garden, naar det leid yvi Midten av Mars Maanad. Denne Tidi er Dagen so lang vorti, at Kveldseto fell burt av seg sjøl, det er slutt med den Hugnaden aa krea seg umkring Eldsmaale, for no trengst det ikje meir aa brenne paa Skorsteinen heile Kvelden, hjelp ikje, de jaman kan vera styggeleg kaldt baade fyri og etter Sol dette Aarsens Leite.

Soleis ein Gong imillom kunde det enda koma slengjande langferdande Folk til Kvelden, og da livnad det upp att ei av dei mange Kveldsetu-Stundir me hadde fyrr um Vintren.

Gamle-Per kjører Stein um Dagane og ligg i seint og tidleg for aa faa reinska Nybrote medan det heng att noko Føre. Men Steinen er hard Gut ved Vottane, ser du, og difor har han yrkt Arbeid kvar Kveldsstund med aa bøte Stein-Vottane sine til Morgondagen. Og i Kveld „gripjar“ han deim med mjukt Ler, so naar dei no ryk sund att, skal det fulla lid med Steinen au, trur han.

Far staar ved Stabbin og makslar til ei Jarnsko-Reku av Osp medan Budeia og den andre Tenestjenta smaarøder med kvarandre um Dansen „uppi Grendi“, dei baae hadde vore paa i Natt var. Dei hadde nok havt god Moro der, Meggune, for dei log og knisla so godt i eitt. Eg var no fælt nyfikin og freistar trengje meg innaat deim for aa høyre kva dei log aat, men eg fekk ein Skump so eg volt att aa Bak yvi Rullkorgi og gjorde slik Rangl i Rullom, at Budeia sa eg var Emne til eit stort Lei-Beist. Heller ybbin gjekk eg burti Høgsetbenken og ser ut gjenom Glase og fær med di same sjaa ein Mann med Hest og Svenskesluffe koma kjørande etter Isen. Han svingar inn paa Gardsvegen ved Kvennhus-Evjo so eg skjønar, han kjem aat oss, og med di meller eg straks kva eg ser. Me høyrer Ljomen av