Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/56

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 52 —

Fjellfuglane tykte Røda fall seg best. Og no, denne Gongen, hadde dei nok havt Samrøde um noko, me andre ikje fekk vita um fyrr etterpaa ei Tid. Um Morgon da han Jo kom att fraa Skreddaren hadde Far teki av seg Skjegge og skifta Klæde og da me vilde vita kva det hadde paa seg, gat han um, at han kom til aa verta med Jo ei Snarferd burti Brurusti. At det lout vera noko serlaga til Ærend, naar Far soleis gav seg med Jo midt i Yrka, skjøna me vel, men Far saag ikje ut til aa vilja ha meir Snakk um det og difor spurde me ikje meir um det, heller.

Men da Far kom heim att um eit Par Dagar kunde han, soleis inna Veggen, fortelja, at han lout vera med for aa vera Fyritalsmannen hans Jo hjaa ei Jente i Grandlage, han hadde lagt Hugen sin paa. Far vart iveggjord med den Helsingi, at ho kunde vera hugsottlaus for Føda, um ho fløtte i Huse i Brurusten; til aa byrje med vilde han kjøpe 2 Kjyr, for no stod Fjose ferdigt til aa bæse deim kva Dag det skulde vera. Far kunde leggje til, at Jo trudde han hadde saapas unde Hendom, at dei kunde leva vel og at det vilde vera att so mykje ette honom au, at Jenta vilde ha Rett for Reisa. Sidan fekk Far seja kva han sjøl tykte kunde høve seg.

Det gjekk sjølgjevi ikje for seg for Far aa seja nei til denne Tenesti til den gamle Venen sin, enda han visste fyriaat, at Jenta for allt i Verdi ikje vilde høyre den minste Gnustring um Elsk og Giftarmaal fraa den Leidi. Og like so vel visste han, at ingen kunde vera mindre lagd for Giftarmaal hell Jo var, so det var no berre for gamallt Venskap Skuld han gjorde gode Faktir med aa vera Fyritalsmann. Han gjekk paa Garden der Jenta budde, fortalde kva han foor i og gjorde Løgje med Ærendi; og paa den sama Gjerdi tok Jenta Tilbode men let seg elles for Aalvor merke med, at um han kom att og var Fyritalsmannen for Jo aldri so ofte, so vilde han berre koma til aa gaa i Maafaa. Men dette hadde nok ikje Far vaaga aa sagt beint ut til Jo, han hadde sagte gjort paa ein Krok, for eg veit Jo eit Par Aar seinar framleies gjorde seg Vonir um, at den Jenta skulde verta Kjering i Brurusten.