Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/55

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 51 —

Ulende, Skard og Løyptir, Botnar og Gjil, alle Stadir han hadde fari. Han kjende gløgt kvar ein farleg Brede-Sprikk og visste kva Tid paa Aare dei opna seg, og likso gløgt visste han korleis han skulde gaa uppi dei villaste Høgdom for ikje aa gaa seg fast. Eit so godt Minne som hans Jo, er ikje mange eigande for.

Denne Tidi var Jo Gjende ein Mann paa 68 Aar; han var snau vorte i Skolten og eit anna Merke av Aarom bar til aa syne seg. Men all upp var han enno ein før, sterk Mann som Alderen hadde teki berre liti paa; den rake Ryggen, dei breide Ækslir og den høge Bringa viste, at enno hadde ikje han Jo Gjende tapt seg so mykje, enno kunde han nok staa Ende upp paa ei Fjellferd med kven det skulde vera.

I Kveld er han sers i Godlag og da er han oftast gamafull paa si rolege Gjerd; nettup baangod var han ikje, men livfulle Gutungar tykte han det var Moro aa halde lite Ap med. Eg hadde set han Jo so mykje i Huse heime, at eg kjende han vel, men eg hadde au høyrt so mykje baade um den fæle Trui hans og det agalause Sinne og den avbragdslege Styrken hans, at eg alltid heldt han for aa vera eit Menneskje forr seg sjøl. Men redd han var eg aldri eller kjende nokon Stygg aat honom, og difor var me stødt godt tilvens med kvarandre. Noko av det fyrste eg minnest um Jo, var at eg kunde staa millom Kneom hans og handfara nauande væl dei blanke Metalknappane i den blaae, „byleta“ Spælvesten hans, naar han var komi vel tilsæte ved Skorsteinen. Det tykte han var Moro, fortalde meg at det var „Jagtknappar“ som han hadde faat hjaa ein rik Engelskmann og sagde me kvafor Dyr det var, som var avskildra paa deim. De var Bjønn, Ulv, Ræv, Gaupe, Elg, Rein og Hjort og enno fleire Dyr og Maakan til Knappar saag eg ingen annan hadde — det var anna, hell dei grovgjorde „Faabergsknappane“ som dei fleste andre hadde. Eg fekk aldri set mig mætt paa Knappane hans, maa vita, men eg veit aldri, at han vart kjeid av meg hell tykte at eg vart brysamd.

Kveldsetu-Rødune med Far og Jo Gjende tok seint Ende, Klokka vart 11 og ho vart 12, alle andre i Huse hadde longe lagt seg, men dei hadde enno like mykje usnakka — kann gjerne vera det var etter me andre hadde kropi under Felden, at dei tvo