— 50 —
Isen; men det „forbanna Ape“ kunde ikje Jo like, han reikna Traavkjøringi for eit narrelegt Baanspel og ei Dyrplaage. „Blackwell fekk ikje meg til aa sjaa paa, at dei traavkjørde um Dagane, det er ikje slikt Jaal Øyken er skapt til“, sa’n. Han hadde halde seg mykje inne um Dagane og snakka med ei av Jentom i Huse og som han hadde faatt so gode Tankar um — han kom attende aat henne kvar Gong Røda fall paa desse Dagane han var paa Kloness. „Det var ei framifraa lugum Menneskje og godt god-til-seg,“ sa han, „ho var lik til aa ha Greie paa all Ting i Huse, ho. Ho er berre ei liti Menneskje men overlag stout paa Vokst.“
Men var det liksom Jo Gjende denne Gongen ikje hadde funne den vanlege Hugnaden paa Kloness heilt upp, so hadde no Blackwell i Skilnaden gjort det meir hell godt att. Han hadde gjevi honom Holbergs Komedier i fint Band med Bilæte av Holberg, og ei kjærare Gaave kunde nok ikje Jo faatt. Og ikje mindre kjært for honom var det aa høyre, at Blackwell no va komi til same Meiningi um Holberg som han Jo longe hadde, at han var den forrmeste Komediskrivaren i heile Verdi. Fyrr hadde Blackwell halde Moliere for den største, men no, etter han hadde lært betre aa kjenne Holberg, hadde han snudt um. Jo synte oss den fine Boki og Bilæte av Holberg: „ja, det var Guten sin, det! — slikt Hugu veks det ikje upp att meir i Nordlandom! Naar det no vert Sumaren, so lyt dykk koma burti aat meg, du og Far din,“ sa han aat meg, „so les du aat meg utor henne, du, som les so radt — eg er so forbanna sein til aa lesa eg, at eg lyt ha lang Tid paa di skal eg koma nokon Veg.“
Lenger paa Kvelden da dei tvo Fjellmennane var ferdige med Kveldvorden fortalde Jo, at den eine Reinsrifla hans, „største Staalpipa“, slog seg rang nyleg og „slog paa Laas-Sida“ kvart Skot han skaut med henne. Han „drog“ ho lite fint med ein Børs-Navar nokre Gongar og skifta Krut fyrr han fekk ho til, men no var ho da vorte draape-viss att, so han var sikker um, at det fanst ikje Rifle end-millom paa Lande, han vilde byte i. Og med di glatt Røda inn paa Reinsfjelle, Fjellferdir og Røynslor han hadde gjort høgt og laagt burti Fjellviddom — det var so underlegt aa høyre han snakka um Fjelle, det høyrdest ut som han skulde sjaa Lende og Skapnaden for Augom med Urd og