— 49 —
Garden aat honom og so vart han verande paa Kloness i heile tri Dagar. „Eg hadde ikje havt Stunder til aa vore so lenge hell, men det var ingi Bøn, eg lout vera.“ Far meinte no, at det var full ikje noko, som braadde so paa i Brurusten denne Tidi. „Aa det er eitkvart aa gjera til kvar Tid, eg gjekk fraa ei halvgjord Fjøsdør; den andre Innreidingi gjorde eg ferdig i Haust. Og du skal sjaa eg har gjort det retteleg vel fraa meg au — det er klaare Feitveden i Baalkeslæom, høvla og strikka, au. Eg ser aldri anna, hell det er nokk aa gjera — eg skulde vore upp aat Gjende som snarast au med det aller fyrste, eg tør ikje anna. No vert det trast det beste Skara-Føre i Fjelle og da er det ikje aa lite paa anna, hell det kunde koma ein Valders beinast yvi Flyi med ein Skikjelke og stela av det, eg har i Budi mi. Og eg har att mangt der enno, eg, som vøre verd til aa stela med seg. Fan’ tru Valdersom! dei har vore seg sjøl like all sin Dag.“
Jo spurde um han Knut Skreddar var heime, det var ingen annan Skreddar han leit paa til aa gjera seg Klæde og no skulde han ha gjort heil ny Klædning. „Eg tenkte eg skulde vunnest aa komi aat Skreddaren i Kveld, men det var ikke nemnande aa gaa fraa Kloness fyrr me hadde ete Middag og den kan du tru var av gjildaste Slag. Eg veit no ikje Tal paa alle Rettom, eg, og ikje veit eg kva det var hell, sumt — eg visste ikje korleis eg skulde fara aat med aa eta allt me fekk, di-hell, eg lout sjaa etter korleis hine gjorde det. Det var ikje mindre hell tri Slag Vin paa Borde og me Karfolke fekk Drammar attaat, det me sjølve vilde, og du skulde kjendt det var Brennvin, som var setande.“
Jo tykte det bar utur til kostbare Stell paa Kloness paa all Gjerd og han kunde ikje skjøne korleis de kunde rekkje Pengar. Han hadde ikje likt seg so ovelegt hjaa Blackwell desse Dagane som han elles plaga gjera; det var so mange Framande i Huse, at Blackwell kunde ikje taka seg einkom Stundir til aa snakke med Jo um Utanlandsferdine sine hell um lærde Menn og gudelege Spursmaal. Ikje vart det nokor Tid til aa skjote til Maals for deim, og allt dette var det han Jo tykte forrmest um naar han var i Lag med Blackwell. Attaat dei Framande hadde han det andvint med Traavarhestom sine og Traavkjøringi paa Vaagaa-