— 48 —
meg lite snargjort paa hi Sida av Skorsteinen. Han sette seg sjøl paa Stolen og hekta av Snøsokkane, medan snakka han heller høgmælt aat Budeia som allt sat med Rullkorgi og karda. „Eg har treska sjoug Børde av denna seige Halmen aat deg no, idag; — eg likar Laaven naar det er rein Tresk men aa staa dengje einsleg paa slikt seigt Lauvris, kjærer eg meg ikje mykje um. Det ser ikje ut til, at denne Mann vaar fær Stunder til aa vera med meg som han sa.“ Det var ingen som svara. Um lite kom Far inn, gjekk burti Høgsetglase og fann ei halv Alen Tobak: „no skal det verta Tobak att i Bygdi, Per — eg fekk senda etter Tobak, eg, i Efta,“ sa han „Det veit eg var Mann, det!“ svara Per og med di var Umøle som stroki av honom. Budeia tykte detta braae Umskifte var løgje og halvt for Spøk spurde ho, um han vilde halde halvt med henne, skulde dei tvo gjera Kaffelag um Kvelden. Jau det var han Per alatt med strakst og med di fekk dei Mor til aa vega i 4 Lod Kaffe; Sukker, Fløyte og Mat til lova ho ut aa halde. No fekk Budeia det andsamt med aa greie med Kaffestelle fram-i Skorsteinen og heile Huse kom med desse liksom i Helgedags-Bragd og baade Unge og Gamle friskna og ljosna i Uppsyne. „Berre det ikje no kjem fullt Huse antell med Ferdmenn hell Handelskarar, midt inni Lage vaart,“ sa Budeia. Ho hadde ikje fyrr tala Ordi ut, fyrr det lyddest Stig uti Svali og alle venda Augo mot Døri, halvt arge yvi, at ein aldri kunde ha Husfred nokor Stund her i Huse. Men da Stugudøri gjekk upp og vi saag det var han Jo Brurusten — Jo Gjende — som kom inn med den vetle Veska si paa Aksli og ein Vadmaals-Vev under Armen, var det ingen som tykte han kom og skipla Lage.
„No kjem du til „Grevens Høgtid“, Jo! her held han Per og Budeia stort Kaffelag i Kvell,“ sa han Far og sette ein Stol aat honom. Jo log og sa det var Uskil aa taka han med som kom ubedin; elles hadde han vore i Lag i so mange Dagar no, sa han, at han lout halde seg aat Havrelefsa og Striskjurta ei god Rid heretter. Jau, han kom beint fraa Mr. Blackwell paa Kloness, den rike Engelskmannen Jo var slik Godven med, fraa den Vintren dei budde samen i Budi hans Jo ved Gjende-Osen. Det kom Bod fraa Blackwell, at han endeleg maatte koma paa