Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/50

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 46 —

skyttarane fraa Valdersbygdom han hadde raakaa frami i Heimdalsfjellom av og til, let han ikje vidare vel um. Han Far hadde au ein og annan Gong raakt Valderse i Fjelle, men det lyddest ikje so fraa honom, at han hadde noko aa anke paa deim.

„Ein Haust heldt eg og han Gullik Li Lag i Fjelle eit heilt Fjortan-Dage. Det var baade ein glup Kar og ein framkjømd, dugeleg Reinsskyttar. Me skaut tie eller tolv vaksne Bukkar medan me fylgdest, det var godt um Rein den Hausten. Det var ein Dag me etla oss burt-med Kalvaahols-Tindane; da me kom innpaa høgste Valdersflyi, raaka me ein annan Valders, heitte Ola Rødning. Han gjekk au etter Reinen og etterdi han kjende han Gullik, spurde han um han kunde faa gjeva seg i Lag med oss, baade i Budi og til-fjelds. Me sa ikje beint nei nokon av oss, men eg saag vel, at han Gullik ikje tykte vidare um det. Rødningen hadde ei makalaus staut Østerdølsrifle, ei av dei fellnaste eg nokon Gong veit eg har set, og eg vilde naa sjaa paa Rifla hans, eg, maa vita. Ja, sjaa paa ho kunde eg so mykje eg vilde naar eg berre ikje stirde inni Strunten, det vilde han ikje vite av. Og for aa vera trygg, lagde han Loven yvi Riflemunnen allt medan eg handfoor Rifla hans. Han trudde meg nok til aa vera den Karen, at eg radt kunde trolle paa Rifla hans. Men Rein fann me ikje um Dagen og kom tomhende aat Sandbakhytta att um Kvelden.

Dagen etter barst det til-fjells att med oss alle tri og sist fann me ein Reinshop i øvre Tjønnhole. Me fekk grepa Stilland og vart samde um aa freiste „halde Skot“, so me kunde taka kvar vaar Bukk av Hopen, og tri mest jamnspelte Bukkar var det med, saag me. Hopen var svært uroleg, desse tri Storbukkane dreiv i eitt Mas med einannan og med Rekarom som fylgde med. Elles var det uvandt aa koma Dyri paa høvelegt Maal for Vinden stod beint paa oss; eg og han Gullik stillte jamsides, og Rødningen heldt seg tri, fire Stig attanfor. Da me var aa kalle komne so nære som me hadde etla oss til — der visste me ikje Orde av fyrr det small bak Ryggen vor so berre Krutrøyken og Fyriladingi gauv um Øyro og Reinshopen foor som ei Pil uppi Urdirne og var utur Augom med di same.

Me skvatt illt baade eg og han Gullik, kann du veta, for me