— 45 —
rengt av honom Salen, og dimed seig han ned i Avgrunnen. Det var Bjølle paa Gampen, og ho lyddest so uhugleg upp fraa Djupe so lenge han kunde høyre.
Etter desse tala dei um Kastvinden paa Gjende, som dei baade tvo hadde vore ute for. So bar det til med Bjønneveidingi som han Svein alltid hadde god Hug til aa røde um. Mest kvar Haust gjekk han og freista aa „rekkje inn“ Bjønn paa Murudalen paa fyrste Snøen, men han var aldri heppin med di. Fleire Gongar fekk han skjote paa Bjønnen au, men det gjekk ikje tildøds — han hadde ikje nettup beste Orde paa seg for aa vera stø til aa „halde paa“. Men fraa desse Bjønne-Ferdom sine kunde han fortelja mangt og no kom han med ei Sogu fraa den siste Venda han gjekk etter Bjønnen paa Murudalen, Hausten fyrr.
Det skeivast den Gongen au, kva som no var Skuldi minnest eg ikje lenger, antell det var Rifla, som ikje var viss, hell det var Maale, som var i lengste Lage. Bjønnen fekk Kula i eine Laare, men ho gjekk berre gjenom lause Kjøte og braut ikje Bein. Og du skulde set han var snodig, med same han fekk Kula — han krøkte seg ihop som ein annan Hektekrok og fata med baae Framlabbom umkring Laare, der han fekk Kula, og so einstirde han ei Rid uppi Himilen som han skulde undrast paa, um det var der ovantil Skote kom.
Stødt naar Far og Svein kom isamen, fall Snakke um han Jo Gjende, som dei baae var Venir med og hadde vore mykje i Lag med i Reinsfjelle. Heime i Huse var no han Jo ofte „i Gjest“ fleire Vendur i Aare, so eit Par Dagar kvar Gong, for Far hadde vore den kjæraste Fjell-Felagen hans. For ikje mange Aari attende hadde Skyttarbudi hans Jo ved Gjende-Osen vorte uppbrotin etter det leid so langt fram paa Vaarkanten, at det var hard Skare i Fjelle. Jo hadde da misst baade Mat og Klædi og fleire gjilde Ting han hadde i Budi. Fraa gamall Tid hadde Jo ervt Hat til Valdersom og dei fekk Trui for dette Farkestykkje au; han sette burti Valders, fekk Lensmannen med seg og ransaka og da synte det seg, at Misstanken hans Jo hadde god Grunn for seg. Dette Hende tok han Svein upp att og tala um kor rasandest han Jo vart, da han saag korleis Budi hans hadde vorti rana. Svein hadde au noko av denne Illhugen mot Valdersom, og dei Reins-