— 44 —
og Hans sat i Aarom. I det ytste Garne hadde me gjildt med Fisk, og medan eg tok det inn hadde han Hans seti kjøgla etter Fisken, so han hadde gløymt aa halde seg i Yvitak paa Straum-Soge. Da eg vart sjaa-ande til, dreiv me med Straumen, hardleg svint au. „Men so ro av all di Magt, Menneskje!“ ropa eg, og da vart han au var korleis det var med oss, men istadenfor aa taka nokre kvasse Tak med Aarom som kunde berga oss, vart han bleik som eit Lik og som valin all upp — han slepte Aarom og bad Gud trøyste og betre oss! Da vart eg fælin, eg au. Det laag ei liti Stong i Baaten me brukte til „Vitjar“; den tok eg svint i Handi, og i same Blinken saag eg ein Stein som stakk uppi Vatsmaale ved eine Sida av Baaten. Eg sette Stongi hardt mot Steinen og med di fekk eg stadna Baaten. Med same han Hans saag dette, kom han seg lite og eg bad han halde Stongi so eg fekk setja meg i Aarine. „Skuv no etter som ein Kar medan eg ror!“ skreik eg. Eg rodde so Blode spratt i Neglrøtom og han Hans skuva etter av all Magt, men det var ikje meir hell so vidt me greidde aa faa Baaten upp um Straumdrage so me bergast. Men da me den Gongen kom paa turt Land att, fekk au Tamburplassen av den Teksti, som høyrde Dagen til.“
Den eine Sogu fraa Fjell og Finne løyste den andre av, og med di gjekk Tidi so svint, at Svein gløymde heilt Øykjom sine som no stod der matlause og grov ned i Isen. Gamle-Per som stod paa Laaven og treskte, gjekk difor burt i Stallen etter eit Høyfang og gav Øykjom, var med det same burt-i Vatsbrunnen etter Vatn aat deim — so kunde dessa tvo Fjellmennane inn-med Skorsteinen drive paa, allt medan dei lysta.
Og dei so gjorde — no gjekk Røda um faarlege Rivur og Sprikkar i dei store Bred’om burti Fjellom, Memurubredane, Veobreden og fleire. Ein Gong, da Far, Jo Gjende og nokre til laag i Memurudalen etter Rein, var det ein Dag dei fekk sjaa ein Mann kom ovantil Dalen med ein Sal han bar paa Ryggen. Dei stod alle og undrast paa korleis det kunde koma seg, at han kom berande med ein Ridesal der. Jau, da han kom fram aat deim, var det ein Lomvær og han kunde fortelja, at han hadde misst Gampen sin i ein Sprikk i Semelbreden. Gampen stod ikje til aa berge, men han hekk øvst i Sprikken so lenge, at han fekk