Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/47

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 43 —

Megarden i Salidi paa Rupeveiding, og da var me baae tvo enno meir paa Vaagskaalom, hell eg var.

Det var ein Dag me hadde vore upp-i Semmelløi, og so fall Leidi vaar soleis, at vi maatte yvi ei tverrbratt Fonn med ei lang Bratte nedunder og eit Hoggberg nedst der Bratta enda. Eg var halvredd Fonni au, for det var nyleg komi mykje laus Nysnø ovanpaa dei gamle Fonnine. Men skulde me kroke oss um ho, fekk me ein avraadin Sving eg ikje just hadde nokon Hug paa. Jau, me kom baade godt og væl yvi den Staden me tykte Faren skulde vera; men eit Haglskot lenger framme losna det ei Snø-Mokke og tok meg med seg. Til all Lykke var det ingin stor Snømengde som ljøp ut so det bar ikje iveg med stor Ofse med det same. Skiine mine foor sin Veg, Snømyrjo auka og svintare og svintare bar det til aa gaa nedetter. Da eg hadde fari, kannhende eit godt Riflemaal, stadna eg tvert mot ein stor, vid Stein og var berga. I same Augneblinken saag eg Gudbrand koma rekande paa same Gjerdi ovanfor meg, men han stemnde so mykje til sides, at eg skjøna han kom til aa skjote um Steinen der eg stadna. Eg var kvass til aa tøygje meg so langt eg rokk med høgre Handi, og var so heppin eg fekk i eine Vesteflake hans og drog han inn-aat meg attmed Steinen. Det var eit underlegt Nøve og det saag ikje vakkert ut, skal eg tru, for hadde me fare utyvi Hoggberge, var det liti Von til, at vi hadde berga Live. Um me kannhende ikje kunde slegi ihel oss, hadde me ikje kome upp att utur Snømyrja, for Skrido auka dugelegt da det bar langt ned. Skiine vaare og Haglbørsa hans Gudbrand vart med i Skrido, men me fann att baade Børsa og Skiine nedunder Berge. Dei stod aa Ende i Snømokka som dei skulde vore sette soleis av Folkehand.“

„Ja Farar og Skjeivferdir kan ein koma ut forr antell det er i Fjell hell Fjøru um ein tek seg aldri som mykje var,“ sa Svein. „Eg og han Hans Tamburplassen heldt paa aa gjera Haustreisa vaar paa øvre Sjaadalsvatne, longe Eitt-Aare.

Du veit, at dei beste Garnstødine er nærast ut-paa Osen ein kann koma; men kjem ein seg forrlangt ut i Soge, gaar det som med Mo’skarane, det berst aat Fossen og da er det ute med Live. Jau, vi heldt paa og tok upp att Garni vaare ytst ut-paa Osen