Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 42 —

eg meg forr aa gaa yvi Fjelle og leggje meg til i Nysætrom, for der laag dei med Kryterom. Morgonen etter han Tord var heim reist, gjekk eg iveg, straks eg saag det elda for Dagen. Det søgde uppi Høgdom, so eg skjøna vel det var eit Uver paa Hendom, men eg trudde no ikje det kunde brjote laust for Aalvor, fyrr eg kom meg yvi høgste Refjelle.

Men da eg naadde inn aat Sjugursjøen, skar det upp med einn Gong med eit Uver so vanskapelegt, at det var med stor Nød at eg heldt meg paa Beinom. Men da eg naadde innmed Graahøi, stod det ikje lenger til aa halde seg paa Skiom, eg hadde ikje anna ved meg gjera hell aa lata meg drive ned. Med Skistaven gjekk eg og stakk ned i Fonnine for aa finne ei dugelegt djup ei, og da eg sist fann ei slik, reiste eg upp Skiine og grov meg upp ei Bosu so djup at eg kunde staa paa Kne ned-i henne. Uvere raste so eg var ikje Kar um aa halde Augo opne, og det var gjort mest med same at eg dreiv ned.

Eg kann ikje seja det var kaldt ned-i Snøen og fraus gjorde eg ikje, men det var det verste, at eg vart vaat paa Kneom. Med stort Stræv fekk eg Skreppa av Ryggen og lagde ho under Knei, og sidan var det ikje metande. Ikje var det kolande myrkt heller; eg hadde Klokke paa meg, og det var ikje myrkare hell eg so vidt kunde skilja Visarane og Tali og saag kva Tidi lidde.

Paa denne Gjerde stod eg paa Kne nedi Fonni i meir hell 3 Timar, og eg skal ikje negte forr, at det var druge Timar; men for Nød Skuld kunde eg nok halde ut, um det so hadde vore ein Dags Tid. Det nagga meg ikje aa draga Andi, men det kjendest noko sydde og tungt og huglegt Tilvære var det just ikje. Eg kunde ikje høyre nokon Ljod ned-i Snødriva, difor merkte eg ikje um Uvere dreiv paa eller hadde gjeve seg, men sist grov eg meg upp att paa ei Von og til all Lykke hadde Uvere da gjeve seg so mykje, at eg vaaga iveg att, og det tok meg ikje lang Stundi aa koma fram aat Nysætrom. Noko Mein av det, eg laag nedi Snøen, kjende eg ikje til baketter, anna hell det ringde for Øyrom ei Rid etter eg kom i Hus og etter eg lagde meg um Kvelden — eg fekk ikje so mykje som Krim av det.“

„Etter Jul den same Vinteren laag eg og han Gudbrand