Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/45

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 41 —

korleis det hadde flaska seg med Rupeveidingi um Vintren medan Svein laag i Sætri paa Murudalen. Dei laag alltid paa Sætri og gav upp Høye paa Øvre-Bjørnstad, og no var dei nyst heimatt komne. Det gjekk ikje Ros verd, let han; Vere var ustødt med Uver og Lække og da nyttar det ikje korkje med Snara i Liom hell med Hagla i Fjelle. Han var inni Refjelli eit Par Vendur; den fyrste skaut han ei Tylvt, men den andre kom det so rasande Uver yvi honom, at han trudde mest ikje han skulde kome tilmannar meir. Det var ei Rid medan han foor ved Refjellvatni, han tenkte paa aa lata seg drive ned i Snøen.

„Ja det fekk eg finne meg i, ein Gong eg gjekk yvi Refjelle,“ svara Far. „Det er so um Lag tredive Aar sidan, eg og han Tord Sygard gjekk burti Salidsætri fyri Jul og vilde liggje der etter Rupe ei Viku. Eg minnest enno so vel den Kvelden me kom der, og kor handfallin han Tord vart, da han skulde finne fram Groute-Væte aat oss. Me visste av at det stod att eit digert Kjer med Surmysu i Mjølkebudi, og difor tykte me det var ei Sjølsvite aa draga med oss ei tung Mjølkeflaske burti Sætri. Me sette ikje Live til, maa’ta, um me aat Mysu og Grout nokre Kveldar. Eg kokte Grauten, eg, um Kvelden og sette han paa Borde, bad so han Tord gaa ut i Budi etter Mysu. Um lite kom han fram att, so lang i Anlete, at det var spøkje: „Slikt Paafund har aldri eg set, — meinar du ikje dei har sett eit Hengjelaas paa Nysukjere! No fær me ikje i oss Grauten, hell!’? „Laas paa Mysukjere, sejer du —? ja detta vil eg no sjaa paa,“ svara eg og gjekk ut i Budi. Jau, det hekk eit stort, sterkt Hengjelaas for Mysukjer-Laake i ei Jarnhaspe so diger og fæl, at det skulde stort Valdsverk til aa koma dit ned. Men eg saag trast, at Kjer-Laake ikje var vats-tett, og so tok eg eit Smørtraug, eg fann millom Koppom i Budi, sette det framanfor Kjere. Dimed gjekk eg bakum og bikka Kjere paa Hall, so Myso fløymde under Laake, fyllte Trauge og skvala som ei Aa burtetter Auren. „Ser du det,“ sa eg, „no er denna Sorgi sløkt.“ „Du er meire umtenkt du hell eg,“ sa han Tord; „detta hadde ikje eg raaka paa.“

Da me hadde vore i Salidi nokre Dagar, kom det Bod etter Tord, han maatte heim att straks, da Far hans hadde vorte liggjande laak, og da eg ikje tykte um aa vera att der einsleg, sette