Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/43

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 39 —


Høgre og høgre hevja det skinande Auga seg upp i Skarde, men berre halve Auga fekk me sjaa fyrste Dagen, — tvo, tri Minuttar laag det og blenkte, med ein Halvkrins av lange, ifulle Straalur umkring; so slokna det med ein kvass Glimt til Velfar. Aa, kor godvori og ty’leg Soli var den vesle Stundi! Der lagde ho Gull yvi den gamle, graabrune Laaven til han saag ut som eit Slott, og burtetter Snøen glima det med store Stjernur i Tusundtal. Ho bar som eit nytt Liv med seg og gav heile Dalen ein annan Daam, den høge, myrke Baksida av Dalen fekk med ein Gong eit lettare og hugsamare Uppsyn. Eg stod der hugtekin og gav ein Sukk da Sol-Auga gjøymde seg attum Høbruni att. Dei andre i Huse skulde no liksom finnast aat meg, naar eg heldt slik Høgtid og endeleg vilde vera den fyrste til aa helse paa Soli. Men naar eg vart sjaa-ande til, so hekk dei Vaksne umkring meg burti Glase, au. Burtpaa Veggen ved Bostkaste lagde ho ein vid Solflekk, og der lagde eg Handbaken innaat for aa kjenne, um ho gav Yl fraa seg, dei hine kom og gjorde det same etter meg.

Det var ikje noko Under, at vi høgtida den 15 Februar heime i Huse, den Dagen me „fekk att Soli“, for da hadde ho vore burte fraa oss i 16 lange Vikur. Ho vert lang „Sol-Svelta“ i slike tronge Dal-Glipur, der Høirne ris beint ende upp fraa Elvefare.


Me hadde nettup havt ei slik Høgtidsstund med aa sjaa Soli sprette og slokne att den vesle Blunken; Kvinnfolki hadde sett seg til med Handarbeide sitt, men enno var det Soli som sat att i Tankom hjaa alle, og det vart ei lang Røde um Sol og „Solsvelte“, lang og stutt „Solgang“ og meir som fall seg. Baanjenta fortalde, at heime hjaa deim var Soli aldri meir burte, hell ho rokk til aa skine paa Omnpipa stuttaste Dagen i Aare, den Dagen ho „kasta um“. Budeigja kunde fortelja, at ho ein Gong tente paa ein Gard som var sol-laus i 21 Vikur og so lagde ho til, at i Jukulen, ein Husmannsheim høgt upp i Bygdi, har dei ikje Soli meir hell tri Sundags-Non i Aare. Midt i denne Røda fekk eg sjaa ei lang Rad med Lasskjørarar kom farande etter