Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/42

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 38 —

byrja med aa gaa fram-etter; Tenestgutane ligg so lange dei er paa Langsledane og syng, naar dei kjører etter Isen i Graalysingi og skal til-skogs. Det er nok jamnast hugilte Visur paa hugilte Lundar, men fyrr har dei seti hukra paa Sleden med Gjeiteskinntrøya vel attknept og Kragen høgt upp med Øyro. Sporven fær Vaarlæti og driv og trættar kvar Morgon, um Retten til aa byggje Reir i Fjosmuren under Takmønen, og han Gamle-Per fortel, at um nokre Dagar kastar han Peder Stol ein varm Stein i Have, og da misser Vintren dei verste Hoggtennane sine med di same. Berre me no fær att Soli, so er me yvi det tyngste att denne Venda au.

Difor var Soli ein kjærkomin Gjest i Grendi og det var ein stor Dag den Dagen, me hadde ho i Ventom. Mange Dagar fyriaat gjekk eg og ynskte meg, at det maatte verte uppljost og klaar Himil, so ikje Graaskodde og Skyflokar øydelagde for meg den vesle Stundi naar Sol-Auga glytta inni Stuga aat oss yvi Slakken i Graahøi. Det stod reint um med meg fyrr eg kom upp or Sengi og ut um Morgonen, so eg fekk sjaa kaarleis Himilen saag ut aust i Dalen — eg tykte alltid den Dagen var ei likso stor Høgtid som Julhelgi. Naar han Gamle-Per var heime den Dagen, raadde han meg til aa smørja ein Smør-Grand paa Glasruta for aa sjaa, um Soli hadde den Ulen i seg allt den fyrste Dagen, at ho brædde det — gjorde ho det, skulde det spaa god Sol og godt Aar.

Klokka 10 skulde den store Stundi koma etter som ho Mor sagde, og eg gjekk imillom Klokka og Glase og stirde sør i Skarde, gjekk reint og brann, medan eg fylgde Langvisaren paa den gamle Stuguklokka. Da det leid inn-paa Tidi, vart eg staa-ande paa Kne i Benken, so eg kunde faa den aller fyrste Timten av Soli heime det Aare.

Jau, endeleg lagde det seg ei ljos Strime etter Himilen uppyvi Skarde; Strima vart svinnt ljosare og ljosare og utpaa Isen leika allt dei fyrste Solstraalune, tunne og raudbleike, paa Snøen. No fekk Laavemønen dei fyrste Glimi, og — so med ein Gong steig øvste Eggen av Sol-Auga upp yvi Høbruni, so livande blankt og klaart, at dei fyrste Straalune skar i Augo, soleis at det gav ein Rykk i meg!