Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/41

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 37 —

berre so Pannekakune laag og bivra i Feitte. Betre Pannekakur skulde du aldri ha smakt innum Tennane, og den eine Arbeidskaren svor paa, at slik gjild Mat hadde han ikje ete i sine Livedagar.“


Det lid so langt paa Vintren som fjortan Dagar etter Kyndilsmess og Dagane er vortne baade lenger og ljosare. Den høge, kvasse Hovdapiggen har allt meir hell ei Viku vore gyllt av Soli inn-ved Høgstdags-Leite um Dagane, fyrst berre den kvassaste Piggen og sidan lenger og lenger nedetter for kvar Dag. Dei store, gamle og klurne Kraggefurune paa Pallom og Legaom vngdest som upp att, naar det bjerke Solgulle lagde seg yvi dei klurne Toppar og knutute Greinir, som krøkte seg mest som store Troll-Armar utyvi Stupi.

Paa hi Sida av Otta gjekk det mykje snøggare, at Soli naadde ned etter Lidi. Beint for Garden stod Furuskogen so tett upp-igjenom Bratta, at du saag berre Topp i Topp og var det ein kald Dag med Rim i Skogen, synte det so greidt kor langt Soli hadde rokki ned etter — ho hadde brædd Rime so Skogen stod myrk so langt Solskine naaddse. Men enno hadde ho att ei brei Stroku ned til Elvedrage.

So naadde ho endeleg ned paa Isen ein Dag og same Dagen fekk dei ho i Granngarden, for han laag ein Mun høgre. Dagen etter kom ho upp til Vatsbrunnen me hadde paa Isen midt uttan Garden, og um ein Dag til — da vilde me faa sjaa det blanke, blide Solauga sjøl igjenom Stuguglase. „Ho munar seg berre med eit Hanestig for Dagen,“ sa han Gamle-Per.

Det er som allting lettnar og livnar upp, naar Soli held paa aa koma att; den graae tunge Himilen som jamt ligg og tyngjer yvi den tronge Dalen vert høgre og høgre upp under Kvelven, Himilsbragdi fær eit ljosare Lag og Austhimilen i Morgonstundi og fyrste Luten av Dagen har ein mild Ljoski yvi seg — allt er Merke paa, at baade Kalden og Myrkre lyt til aa gjeva etter att. Folke vert au lettare og ljosare i Hugen, dei merker, at det har