Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/40

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 36 —

Hopen foor som ei Pil inn-yvi Breden — Bukken tok au tri hell fire lange Skauv paa ei annor Leid, reid so attaabak og laag dau paa Breden. Fraa der eg skaut og dit som Bukken stod da han fekk Kula, steig eg elleve Tjuge Stig, og eg er hoggstø um det var 260 Alnir — enda hadde Kula gaatt tvert igjenom han. Nei dei var ikje reint aa flaake med dei Riflune me hadde den Tidi, heller.“

„I mange Aar etter kvarandre kunde eg skjote 12 og 14 Dyr kvar Sumar og tvo Vendur var eg med og lagde ned 10, 12 Dyr paa ein Stad og paa ein Times Tid. Det var mykje Kjøt, maa vita, men so var det no mesta berre Gong-Lemine, Halsen og Skildre me tok; det andre fekk Jerven, Ørni og Korpen.“

„Seinhaustes, etter eg var heimatt komin fraa Byferdi, var det ein Gong eg laag ei Viku ved Sjaadalen og fiska med Garn. Da eg var paa Heimferdi, lagde eg Vegen um Nysætrane. Eg bar Rifla med meg, paa Voni, elles tenkte eg meg ikje til-fjells, nettup. Da eg kom aat Nysætrom um Eftan var dei farne heim med Bølingen um Dagen, men det laag att tvo Karar, skulde kjøre ut Gjødsli. Den eine av deim fortalde meg, at han paa Eftansida saag fem Reinsdyr foor yvi nordanfyr Vetlvatne og stemnde uppi Buvatshøi. Da var det Tufs at eg ikje hadde Niste med meg, sa eg, so kunde eg vori over i Morgo og gaatt til-fjells, det kunde lett gjort vorte Spa i Gryta, meinte eg. „Ja, med Maten er det ikje flust hjaa oss hell,“ svara den eine; me har Nøgdi av Mjøl og Mjølk men ei Brødsmolu eig me ikje. Men du døyr ikje av aa leva paa Grout og Mjølk ein Dag, du heller so kan du gjeva deg til her og gaa uppi Fjelle i Morgon.“ Detta vart soleis, og tidlegt um Morgonen gjekk eg uppi Buvatshøi, fann att Reisdyri og skaut ei Gjeldsemle so feit, at det er berre eit Hende aa sjaa so feitt Dyr. Dei hine Dyri tok nordetter Fjelle og ned i Tjønnosdalen; eg sette etter og naadde deim att i Sikilsdalskampen, der fekk eg Tak paa ein litin Bukk eg skaut.

Me kjørde Dyri fram paa Sætri um Kvelden, og da me hadde stelt fraa oss Kjøte, sette eg den eine av Karom til aa steike Pannekakur og brukte Skildrefeitte av Gjeldsemla til Steikefeitt. Og me sparde ikje paa Smurningi, skal eg tru; det var