— 35 —
Men aa tenkje seg attende heilt aat Sandbakhytta for meg
no, det var ikje Flaak, so svoltin som eg kjende meg. Hadde eg
vore god til aa drukki Reinsblod, hadde det vore uvandt, men
det var eg ikje Kar um. Eg kom heller ikje attende fyrr i Solrenningi
Dagen etter — da hadde eg drivi i eitt Loup i tvau
Jamdøger, sonær som dei faae Timane eg sov under Steinen
fyrste Natti. Da eg kom so langt eg saag Hytta mi, tenkte eg,
at no skal det snart minke paa Stabursmaten der i Huse; men
nei, han sparde seg sjøl — eg var so slitin og aatkomi, at eg
orka ikje aa faa Maten ned og det vart mest inkje med Etingi.
Ja, ein kann slite ille i Reinsfjelle au, sume Tidir og i sume Høve; men fraa gamalt har alle rettelege Skyttarar kjennt seg pligtuge til aa følgje paa eit skadeskote Dyr, so lengi det finst Voni um aa kunna støkkje Live.“
„Ein Haust eg laag ved Gjende etter Reinen, skaut eg ein Bukk i Blaatjønnhole; det var feitaste Rein eg har skote. Dei stod 1 Vog og 4 Merker Laari paa honom au, og so hadde han eit Skildre som var gode 3 Tverrfinger tjukt. Aldri har eg skote Rein paa so langt Hald som den Bukken. Eg fekk Auga paa aatte Dyr fremst paa Blaatjønnhols-Breden og eg saag med ein Gong, at det eine laut vera ein framifraa gjild Bukk. Men det var utor Maaten langt og so avbragslegt aa koma paa Skot med deim, at eg fyrst tenkte helst og leti deim vore — nei sist fekk eg Hug til aa freiste. Det var ikje Stilland aa faa meir hell fraa ei Leid, naar eg skulde ha Vinden mot meg, men da vilde eg faa ei brei, nakin Fly millom meg og Breden dei laag paa. Da det ikje fanst annan Utveg lout eg freiste lell og da eg hadde dregi meg so langt eg paa noko vis kunde koma, hadde eg Vale imillom aa skjote eller gaa min Veg. Desse aatte Dyri hadde lagt seg paa Breden, og eg fekk vente baade væl og lengi fyrr dei stod upp. I eine Kanten av Breden stakk det upp ein eggjekvass Bergnose; best eg sat losna det ut ei Steinflindre uppi Nosi og datt ned paa Breden saa Snøen spruta, og med same skvatt alle Dyri upp, maa vita, som det skulde spraka paa deim. Den store Bukken venda Sida mot meg, sette Nosen upp og drog Ver. Eg tok Sigte med same, men han vart so litin i Sigte, at eg var utur Von um, at Kula kunde bera fram. Det small og