— 34 —
honom paa Skot var ikje bjodande til, skal eg tru, eg kom honom ikje nærar hell tri Riflemaal, fyrr han sette iveg att paa tri Føtar. Han lagde seg ned jamnan, og eg prøvde Gong paa Gong, medan me foor ned igjenom Brurskarde mot Heimdalsmunnen, aa sige inn-paa han, men det fanst ikje Raad koma i Skotmaal.
No vart det eit fælt Loupand fram-um Fisketjønn-Knausane, yvi mot Rausteinen. Bukken kvilde jamnare og jamnare, men ikje fyrste Gongen slepte han meg so nære seg, at det var bjoande til aa skjote for meg. Til sist svinga han burti Fagerdalshøi, og kom seg inni ein lang Glup som botna i slette Fjellveggen øvst uppe. Der trengde han seg upp so langt han kunde koma, fann ein Lega og lagde seg. Men no hadde det vorte so skumt um Eftan, at det var ikje tenkjande paa faa gjort meir ved han den Dagen; likevel tykte eg det var ikje utur Vonom no, for han hadde ikje Raad med aa koma undan meg der, han no var; lenger upp kunde han ikje koma og no var han altid so nedgaatt, som han mest kunde verte.
Ja, nedgaatt var sagte eg au, maa vita — eg hadde ikje anna ved meg gjera hell finne meg ein Legustad yvi svartaste Natti. Eg fann ei Skorte under ein stor Stein, rengde av meg Trøya og balla um Hovud og Ekslir, kroup med di innast innunder, eg kom. Eg sov nokre Smaastundir au, for Vere var godt og so matsliten og fjellrekt som eg var, trur eg ikje det var mykje att av meg. Matsaadi hadde eg ikje smakt sidan tidleg um Morgonen og ingor Niste hadde eg med til-fjells.
I Solrenningi um Morgonen kraup eg fram or Lægre mitt, sette uppi Glupen og skulde finne att Bukken. Fann han gjorde eg straks, han laag paa same Flekken han lagde seg um Kvelden; men meinar du ikje, han var god til aa finne ei smal, tverrbratt Skorte i det tverre Fjelle, og drog seg etter henne aa kalle uppi høgste Fagerdalshøi! — det er fælt kor kjært Live er for alle Skapningar! Men da han var kome derupp orka han ikje meir; han vart staa-ande aa bivre i alle Lemir, og eg kom honom so nære eg sjøl tykte det galdt um. Eg saag alle fire Beini hans tilvers etter Smellen og glad var eg, at eg endelig fekk gjort Ende paa Pina hans. Det var største Bukken eg har skote i mitt Liv, men han var ikje netup av dei feitaste.