Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/37

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 33 —

det laag ein avraadin stor Bukk tett ved Kanten av Breden og lite inn-paa rette Breden laag det tri Dyr; paa Fjelle, nærare mot meg, saag eg tvo til, dei var enda ikje over eit Haglmaal fraa meg. Det var berre høvelegt Riflemaal Storbukken laag i; men allt medan han laag og snudde Baken mot meg, kunde eg ikje skjote, eg lout gjeva Dag til han ein Gong fann paa aa staa upp, maa vita. Men eg tok Sigt paa’n og laag med uppspent, so eg var ferdig til aa klemme av, kva Tid det skulde vera.

Dagen leid utyvi til Nonsleite og Soli skein so varmt, ho reint brende meg i Anlite, medan eg laag og venta bakfor Steinen. Eg saag so vel dei tri Dyri inn-paa Breden, dei laag og urta so godt og blakra med Øyrom naar ei Reinsflugu sette seg paa deim.

Rett som eg laag soleis og trøytte, visste eg ikje Orde av fyrr det reis upp ei Reinssemle framanfor Steinen, ja ho var ikje tvo Famne fraa Børsestrunten min. Ho rette Lemine sine, sette Nosen i Bryste og skaut upp Ryggen, strekte so Ryggen og sette Nosen ende tilvers og medan saag eg det blaadde inni Augo henne, midt for meg. Men ho vart ikje var meg, likevel, ho gav seg til aa staa urte i same Feti. Nei, da vaaga eg ikje aa drygje lenger — Bukken laag like roleg, men eg tenkte eg kunde raake til aa knekkje Ryggen i honom med eit Skot. Eg klembde paa — Skote foor beint yvi Ryggen paa Semla framanfor meg, og ho, tenkjer eg, fekk Byksen i seg so det hadde Lag! Da Krutrøyken drog fraa saag eg, at eg berre ha slegi av eine Laare paa Bukken; han vart att etter dei hine Dyrom med di same, men enda sprang han so fort paa tri Føtar, at eg saag det var paa Voni kor snøgt eg var Kar til aa skjote han upp att. Han snudde paa vinstre Handi mot Næveraadalen og fram igjenom Næveraaskarde, — eg etter, kvassast eg vanst; det var so illt og utylegt aa sjaa den sundskotne Bakfoten hans hekk og slong medan han sprang etter Fjelle, og du veit, at ingen Skyttar med det minste Hjartelag i seg, gjev seg med slikt so lengi han orka aa kreke. Da Bukken kom igjenom Næveraaskarde, so de halla ned mot Maarflyi, slog han seg til vinstre burtyvi mot Brurskarde, og da han kom ned i Skarde lagde han seg ende ned paa ein Mose-Rande — da fyrst fekk eg Tid til aa lade Rifla mi att. Men aa koma