— 32 —
heldt 1 Vog og 8 Merkar; det er den tyngste Reinsbukken eg nokon Gong har lagt ned. Men redde deg, kor eg fekk strende vidt og breidt, høgt og laagt fyrr eg fekk gjort Ende paa han, au! So nære uppgjevin veit eg aldri eg har vori, enda eg var no fram-i noko av kvart, meir hell ein Gong, medan eg gjekk som traa-ast i Reinsfjelle. Eg laag ved Sandbak-Lægre med Fe, den Gongen, og so var det ein Dag i Larsok-Viku det vart so lugumt Fjellver, at eg tok Rifla og gjekk uppi Heimdalshøi. Innast i Storkvølven fann eg fem Dyr, da det leid fram mot Høgstdagsleite. Det var med ein vaksin Bukk, men det var berre eit Skarvekrøtur, og eg saag det var med ei Semle, som var gjildare. Dyri saag ut til aa vera skremde, for dei var so urolege og berre ræste i Einingi, difor gjekk det ei lang Rid fyrr eg kom deim paa Skot. Endeleg fekk eg Stilland paa deim uppunder høgste Heimdalshøi — eg skaut av Frihand og lagde Semla paa Flekken.
Da eg hadde flaatt og røysa ned Kjøte, fekk eg Hug til aa gjera ein Snu vestyvi mot Leirflyi, eg kjende til, at det var god Reinsvon paa den Leidi. Som eg hadde gaatt ei Rid, kom eg fram-paa eit Riss med god Utsyn fram etter Fjelle, og der sette eg meg paa ein Stein, kvilte meg og saag vel umkring paa alle Leidir. Paa høgre Handi skar det seg ei lang Høgd framyvi mot Leirflyi, og øvst uppe laag ein litin Breda. Da eg hadde stirt baade vel og lenge rundt um, vart eg hengjande ved noko som stod upp innved Bredekanten, det viste seg mot Himilen og liktest paa eit klurute Horn. Det var langt undan; men di lengere eg saag paa detta, di vissare vart eg um at det var Horni paa ein Reinsbukk, og sist vart eg var, at dei skifte Stødi mot Himilen og da hadde eg det greidt med ein Gong. Men for aa finne Stilland, lout eg gjera ein dugeleg Snu attende umkring ein Knaus so eg kunde koma uppaa den Høgdi Breden laag paa. Da eg um ei Tid vanst inn-paa Høgdi, var det paa ein Maate med Lende aa stille etter; det laag fleire store Steinar i Hallingi mot Heimdalssida og attfor deim kunde eg halde meg til eg kom i Skot, um allt gjekk vel. Vinden hadde eg beint imot meg.
Da eg var komi so langt, at eg meinte eg skulde vera i høvelegt Skotmaal, kraup eg fram aat ein hardleg stor, flat Stein og rette meg upp so mykje eg saag fram paa Breden. Jou,