Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/35

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 31 —

skadeskotne Reinsbukken. Men det bar ikje so til — med same dei naadde Urdi endereistest han Mikkel og vart liggjande millom Hornom paa Bukken. Enda gav nok ikje han Mikkel upp — han fekk seg Tak i Hornom og da barst det paa Kant med deim, Kant i Kant, til dei stadna midt i dei vetle Bekkefare. Der vart han Mikkel liggjande midt i Bekkesikle og Bukken stod uppyvi honom; med eine Handi heldt han Tak i Hornom og med den andre leka han Tolkniven av Slira og sette paa aa skljera uppi Halskroken. Blode fløymde utyvi honom som under laag, maa vita, men det fekk ikje hjelpe og han fekk no endeleg Live av Bukken medan han laag soleis.

Han var ein snodig Selle, han Mikkel Haresteinom, og han hadde mange rare Sogur aa fortelja — um dei var alle so sannferdige skal eg ikje taka paa meg aa borge forr. Imillom anna fortalde han meg, at han ein Gong skaut ein Orre med Gildre og tok ein Rev med Ljostr. Um Vintrane gjekk han stødt etter Rjupe i Fjelle ved Rondkampane, og da eg og Bror min laag mange Vintrar i Pungsætri, var han stødt inne hjaa oss. Han var Doktar au; Bror min frøyste stygt eine Foten sin ein Dag han gjekk etter Rjupa inne ved Høglofte, eine Skibande hans hadde vore fortrongt, maa vita. Det vart so ustyrleg til Verk og Svide at han hadde ingen Fred og han maatte liggje i Sengi og setja Foten høgt upp-med Veggen. Da kom han Mikkel og fekk sjaa og høyre korleis det til stod — gjekk so han attum Skorsteinen, klora laus noko Leir av Muren, han laga ei stinn Supe av, og lagde paa Foten. Og med di gav Verken seg aa kalle trast, og Bror min kom seg att vonoms snøggare.“

Etter eit Upphald i Røda, bar han Far og Lesjingen til aa tala um Storleiken og Tyngdi paa Reinen. Han Far hadde gjort den Røynsla, at Reinen i Rondfjellom er hardleg lettare i Vegt og mindre paa Vokst hell i Heimdalsfjellom og Fjellom umkring Gjende og Russvatne — kva som no kunde vera Aarsaki, visste han ikje so visst.

„Nokre Gonger har eg lagt ned so tunge Bukkar, at kvart Laar har halde vel so Vogi, og det skal ikje klein Ku til, at Laari henne veg meir. Ein Gong skaut eg ein Bukk i høgste Fagerdalshøi, so ein tredive Aar sidan, so tung, at kvart Laar