Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/34

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 30 —

Av all mi Magt stræva eg aa halde Hovude og Horni hans ned i Marki og so lengi eg orka aa bende han ned aat Jordi, kom han seg ikje upp. Det stod hardt med oss ei lang Rid og eg byrja kjenne, at kom det til aa vara ei Stund til, gjekk eg upp. Men da var det som han dovna lite, han au, so mykje, at eg vaaga paa aa fata Kniven i høgre Handi og gjeva honom eit aalvorsleg Drag i Halsen, so Blode fræste burtetter Marki. Da losna han siste Venda, verre hell nokon Gong, og det barst Kant i Kant med oss burtetter Fjelle so Jord og Smaastein stod fraa oss, og eg saag baade Solir og Stjernur for Augom. Elles so blødde han so snøgt av seg, at det til all Heppe ikje varde lang Stundi fyrr han ormegtast og laag dou millom Hendom paa meg. Eg lout sleppe meg ende ned ei lang Rid og teva som ein Sau. Men døkk skulde set korleis eg saag ut! Sveite og Jord og Blod all upp, eg skremde mest Live av honom, som var med meg, da eg kom att-ende aat honom. Han vilde no heller ikje tru eit Ord paa meg, fyrr me kom der Bukken laag med sondskorin Hals. Og so gaar det meg kvar eg fortel um denne Veidingi; men spør andre fraa Lesja, som fer, so skal døkk høyre det er sannt kvart eit Ord.“

„Nei Maken har aldri eg høyrt, det var eit underlegt Høve! Han Mikkel Haresteinom fortalde meg noko mest paa same Gjerdi, kann eg minnast, ein Vinter vi var i Lag med kvarandre i Pungsætrom. Enda det gjekk no ikje soleis til nettup, det heller. Det var ein Stad inni Rondfjelli han Mikkel skadeskaut ein avraadi stor Reinsbukk, skaut han gjenom Levri so han stod stiv ned-i ei liti Urd. Han Mikkel fata seg ein dugeleg Stein og kasta Bukken i Nakken so han datt ende ned, gjekk stad fata han i eine Horne og vilde skjera han i Strupen. Men Bukken spratt upp att som ein Elding og bar til aa bykse utor Urdi — da tok han Mikkel seg Tak fysst i den eine Bakfoten og sidan i den andre. Enda kravla Bukken seg utor Urdi burtpaa slette Fjelle, kor mykje han Mikkel sperde imot. No slepte Bukken seg undan Bakke og han Mikkel sat paa Tjukk-Enden, heldt Tak i Bakføtom og kjørde med god Bør. Dei stemnde mot ei liti Urd i Hallingi fram med eit Bekkesikl og han Mikkel rekna ut, at medsame han naadde Urdkanten og fekk seg godt Spennetak, skulde han tverrhalde den