— 29 —
andre Lesjingar som kjem farande, etter di; for eg veit det høyrest ikje truande ut. No skal eg fortelja allt som det gjekk til. Eg og einn med meg var inni Fjelle og tok Mose, og da vi kvilte og fekk oss Mat um Dagen, vart eg huga til aa gaa ein Sving inn etter Fjelle og sjaa meg ut eit betre Mosetak. Uppi ei Høgd eit godt Stykkje undan, kann-hende mest ein Fjordung, laag det att ei Snøfonn og paa henne saag eg ein myrk Flekk. Soli skein varmt um Dagen og Himilen var klaar som ein Spi’l. Gode Augo har eg havt og i slik klaar Haustluft i Høgfjelle kann ein sjaa baade langt og gløgt. Denna myrke Flekken paa Snøfonni tyktest meg noko underleg, so eg vart staa-ande og nidstire paa’n. Di meir eg stirde, di skilligare tykte eg, at det stod upp eitt Par klurute Horn. Eg eva meg um lite, men so sette eg paa aa rekkje fort uppetter mot Fonni. Da eg kom meir hell halvvegjes, saag eg baade vel og visst, at det var eit Reinskrøtur som laag sola seg paa Snøfonni. Men kva hadde no eg der aa gjera lout eg spørja meg sjøl; likevel tykte eg det skulde vera snodigt aa sjaa, kor nære eg kunde koma innpaa han, og so drog eg meg varleg nærar og nærare Fonni. Reinsbukken han laag der som han skulde vore dau — eg kom i Riflemaal og Haglmaal og sist var det ikje Maalstongi imillom oss. Han maatte liggje og sova — for dou var han ikje med di eg saag Vombi røyvdest naar han drog Blaasten. Dette bar til aa verte tvitydugt for meg, det: skulde eg vaage paa aa kaste meg yvi han og freiste skjera han i Strupen? Imillom kvart Stig eg tok stod eg og eva meg um: seg um han vann paa meg! da kunde han lett gjera meg Skade attpaa! Eg var ikje meir hell ein god Famn fraa honom og da saag eg han drog paa eine Framfoten og bivra i Skinne ved Bogen for ei Flugu — nei, da knepte eg stillt upp Fallekniven og tok han imillom Tennom, slengde meg som ein Elding i Skrevs ivi Manken paa Reinsbukken og fata han fast i Horni med baae Hendom!
Jou da skulde døkk set han vart vakin og eg fekk kjenne til, at det ikje vanta honom noko paa Helsa! Det vart eit Basketak so ingen skulde set Maken og det var ikje Tid til aa bruke Kviven. Mange Vendur heldt han paa aa skulde faa Føtane under seg og hadde han berre det gjort, hadde eg visst faatt frisk Skyss.