Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/31

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest


Soleis stod han no heime i Tov-Kjere sitt og heldt i Omnjønn-Krokane med den eine Handi; og med Stakken hangande ned-med Kjers-Breddom, likna han ei urimeleg vid Kjering, som desse Borni lagar av Smellegras. Han var komi i Godlag, og kvar Gong han tok ei liti Kvild med Beinom, fann han upp Munnhorpa og kom med ein Slaatt. Eg ser han forr meg naar han maata Horpa inn paa den glisne Tanngarden og byrja slaa med den vanskapte høgre Neven. I Barndomen hadde Fingri verkt av so berre Tofti stod att, difor brukte han heile Neven og slog med.

Sjugur tøver og tøver; best han ruver berre litin burti Kjere sitt, naar han har berre eit Par Ty-Tjuktir under seg paa Botnen, ris han tilvers som ei Kjempe naar han stig upp aa ein høg Valk av Vadmaale. Ein og annan Gong lyftar han upp Stakken, fær Tak i Veven og mæler med Alnemaale for aa sjaa, um han „gaar inn“ skikkeleg. Han unner seg mest ikje Kvild og Mat-Maali lyt han faa burti Kjere aat seg, for gaar han utor, kan Veven kolne.

Det er i Skymingi og halvmyrkt i Stuga — han Sjugur er kjeid vortin, Beini hans gaar ikje so kringt lenger og han er so ned-sigin, at eg tør ikje meir beda han um korkje ho „Pillarguri“, „Skjeggeloppa“ eller, Filefjell-Leiken“ („Tomasklokkelaaten“). Trast eg og Baanjenta kjem til aa halde noko Styr umkring han, grin han og minner oss um, at me fær lata vera aa slaa ned Stugo dette Aars Leite og da eg ber Age for han Sjugur Tøvar, byd eg aldri til aa gjera paa Trass. — Det tek til aa kjennast dovi i Lage; Tolkniven min har ho Mor læst ned etter eg skar Hol paa Broki mi fyrre Dagen, og so seint paa Eftan er det, at eg kann ikje taka meg til med noko ute, heller. Og det er utrivelegt aa verta so handlaus langt Bil.

Jou, da tinklar det i ei Stallvekkje ute paa Garden og gnikar i Stengom under eit tungt Lass; trast etter trampar det i Svalgolve og Døri gaar upp. Ein høg, førvaksin Kar i Sauskinnkjol helsar og lyder etter, um det kann vera Hus for honom og Stall-Rom for Øyken til Morgons. Eg vert send i Vegen til aa høyre etter um Mannen kann verte berga. Mannen er ein Lesja-Ver som fer med Sild, fersk Auger og Kveite; gamalt kjend