Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/29

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 25 —

Vaage og Loms Præstegjeld“. Og i Fysstningi var de nok ikje stort Upplag av Vare Landkremaren trongde ha, heller, for alle stod etter aa hjelpe seg Byvarur og Kremarvarur foruttan. No var det so langt komi, at det va mangt alle lout gaa paa Kraambui etter; Kaffe’n var allt ein dagleg Drykk mest jamnfari i alle Hus, ikje aa tala um Tobaken som hadde vori i Bruk i over 200 Aar. Men ein Tobak-Kremar fanst det au, mest i kvar einaste Grend, mykje attaat Kjeringar som antell kjøpte eit Par Rullar um Gongen hjaa Landhandlaren eller fekk han heim fraa Vetlhamar. Stor Fortenest hadde dei visst ikje paa Handelen, men lite vart det altid, og dei hadde no ofte det Orde, at Alni var burte for deim kvar Gong ein kom for aa kjøpe Tobak. Medan dei da gjekk og glytta høgt og laagt etter Alnemaale, fekk dei Tid og Stundir til aa løyse upp Tobaklengja i Snuen, so han togna ut ein god Mun — kvar Skjelm i si Næring, maa’ta. Ein og annan selde nok lite Sukker og Kaffe au, ute i Grendom, men det lout gaa i Skugg og Skjol, forstaar seg, og difor var det ikje mange som vaaga seg med di. Var det difor noko som, Folk maatte ha fraa Kraambudi, var det ei heil Dagsreise for den, som budde i ei Grend lengst undan, det kunde vera baade 2 Mil og meir og heile Dagen gjekk med aat ei slik Kremarferd. Folk som baade vil gjera noko og kann ha nokk aa gjera til kvar Tid, kvider seg for aa kaste burt ein heil Dag til slikt, og difor var det i kvar Grend liksom ein fast Kremarloupar, som tok paa seg Kremar-Ærendur vidt umkring og gjekk naar det trongdest. Mykje attaat var det Kvinnfolk som hadde dette Urkje og dei saag ut til aa trivast vel med di, enda det visst ikje var korkje sers let eller lønsamt. Og ikje var det Ære aa vinne seg heller, for desse Loupar-Kvinnfolki var aldri vidare vellika, vissa av Mennom i Grendi: dei hadde eit leidt Ord paa seg for, at dei let seg bruke av Kjeringom til aa fara med Løyndehandel og bar Korn, Mjøl, Ull, Talg, Smør og Ost med seg og bytte burt i Kraambu-Varor. Detta skulde ikje Mennane vita av, men dei hadde no ofte ein Tankje um, at det kom meir i Huse av Kremarvarur, hell dei hadde gjeve Pengar aat. Og so snørde dei Peningpungen enno meir ihop.

Men hadde desse Kremar-Kvinnfolki, kannhende, ikje det gløg-