— 24 —
leid paa Dagen vart det endeleg upphelds og Solskin, sidan kom det ikje ein Regndrope, heller, paa heile Ferdi.
Ja ein kann nok faa slite illt nokk med Fehandelen naar det fell inn med slike Ver-Kulur; og mest det verste av alt er det, at Fee vert ikje likt seg etter, det vert so slengjut og framandt aa sjaa paa, at det er ikje til aa kjenne att. Og fær du Vaatver paa Byhamni attpaa, slepp du undrast paa, um det vert traakalt med Avsetnaden.
Men naar Vere og Tidi er gode, og det er sameinte Karar i Ferdi, so er det nok mang ei Morostund au, paa Byferdi um Hausten, me var no aldri Gutar som sturde hell, der me foor.“
Mondagane var stødt dei stillaste Dagane medan Vinterferdi varde, og var det noko som skulde gjerast i Huse, og som dei helst saag aa faa gjort utan aa ha Ferdi aa mase med, sette dei det altid paa ein Mondag. Naar Sjugur „Tøvar“, Sjugur Odden var no elles rette Namne hans, kom heim og skulde fot-tøve Vadmaals-Vevar, so fekk han stødt Bod um aa koma Mondagsmorgon, for andre Dagar i Vika var det full Stuga med Ferdmenner heile Dagen.
Sjugur var gamall Ungkar, ein litin, rakvuksin Kar med eit Finne-Anlit som ikje var sers vakkert, kvar han no hadde faatt det fraa. Mannen hadde mange Arbeid i Grendi, han tøvde Vadmaal, gjekk i Ærend, gjekk og selde Sneisir[1], Snøsokk-Hekti, Matknivar, Hesteskosaum og mangt Smaa-Smid, Grønkrydde[2] og slike Ting Folk fekk han til aa gaa og avhende. Løni hans var oftast 3 Skilling av kvart Mark[3]. Mykje attaat gjekk han aat Landhandlaren for Gardmanns-Kjeringom og andre naar det var noko, dei endeleg lout ha fraa Kraambudi. Den Tidi var det ikje so mange Kremarar i kvar Bygd, som det vart ei Tid etter, enda var det berre einn i heile Bygdi og so hadde det vore stødt sidan Fredrik Rees i 1753 fekk „Constitution som Landkræmmer i