— 23 —
det var aa sjaa Drifti da vi kara oss paa Vegen fraa Lægre. Han Vetl-Paal Gjætar stampa fyri og lokka og heile Drifti rekte etter, eitt for eitt Krøtur, det eine i Slagi aat det andre — eg tenkjer Reidi var ein Fjordung lang, for det var gode elleve Tjuge med Fe. Vere bar til aa slaa seg so det lagde seg Skodde her og der i Kvelvom, og rett som detta var heldt han Paal Gjætar paa og vilde fara ei gali Leid. Eg maatte ride framum aat honom og rettleide han, elles hadde det borest burti Høir og Heim med oss. Han var no vel kjend utyvi Fjelle, men Skodda kan snøgt gjera ein vegvill. Me brøytte oss fram i Snøen til me kom ned av høgste Fjelle og naadde nedi laagare Lende paa Eftansida; da var det sovidt Snøen bar til aa slata av so Fee fann berr Mark, det hadde no ikje smakt grøne Straae heile Dagen heller, fyrr. Enda fekk me ei Styggvers-Hetu da me foor yvi Snerfjelle; det bar ikje ovan da, men bles so eitrande surt og kaldt, at du kjende liksom Vinden foor midt igjenom deg. Det Snerfjelle er hardaste Høgdi eg har fari yvi, og alle Fe-Karar hadde au ein Byks i seg for det vetle Fjelle.
So gali som den Hausten kann eg no ikje minnast Vere var, heller, nokon Gong, me foor Fjelle; men elles hadde me det baade vaatt og surt meir hell ei Vende. Naar det regner og øys ned Dag etter Dag, som um Himilen var opin, er det ingin Lystmat aa fara reka med ei Fedrift, korkje etter Fjelle eller Bygdavegen. Eg kann minnast ein Haust me hadde Traaregn i 11 Dagar i Rad — ouste ned i eitt Kjør medan me foor utyvi Flatbygdine og gav ikje Upplette ei matlang Rid. Me gjekk so vaate Dag og Natt, at det fannst ikje ein tur Traad paa oss — me var ikje turre under Halsknappen ein Gong. Lugta gjorde det av dei steinblaae Klædom vore so ein kunde vera ferdig til aa sprikke, og det var aldri tenkjande paa koma i Hus hjaa Folk um Natti. Me laag i Høylødur um Nætane og grov oss vel ned i Høye so vaate som me var. Den Gongen var han Paal Bjølstad med; han var frisk og sterk enda, og eg hugsar enno da vi kara oss upp att ellevte Morgon utur ei Høylødu vi hadde legi i um Natti, det var enda i Hakedalen. Paal gjorde eit Rundkast og spente uppi Lødu-Dørstokken: „dette gjeld um ein god Kropp, det, Karar!“ sa han. Vere saag mest ut til aa gjeva seg og da det