Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/26

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 22 —

Jordi, og met korkje Yl eller Kalde. Men den, som skal liggje i Høgfjelle heile Sumaren igjenom, fær altid kjenne baae Slagi; men so lengi ein er i beste Aarom, skal det noko til fyrr ein gjev seg over um det kan vera so det klær Kroppen au, mang ein Gong.

Og eg veit mest ikje noko Yrkje ein kann slite verre med, hell med Fehandelen sume Tidir. Naar det fell inn med Uver av argaste Slag um Hausten, med same ein skal fara utor Helle med Fee — Snø og kald Vind solengje Fjellferdi varar, og sidan Regnver Dag etter Dag etter Drifti er komin ned i Bygdine, jou da fær ein kjenne kva det har paa seg.

De var ein Haust me foor utor Heimdalen med Fee, me fekk ei fæl Skure, det var enda siste Hausten Paal Bjølstad hadde Fe, veit eg; han hadde alt teki til aa skrangle, so han vaaga seg ikje til aa fara Fjelle med oss andre. Han vilde møte oss i Lands-Torpen naar me kom ned av Fjelle me Drifti, taka Hestane og fara fyri inn aat Byen og leige Byhamn.

Vere var so overlag fint den Dagen me drog ut, og slikt heldt det seg fysste Dagen til me kom aat Storhølidi. Da me foor derifraa Morgon etter, bar det til aa verte graatt og hengjut umkring Høine; men det vart ikje meir av di den Dagen, det var stillt og bar ikje ovan. Til Kvelds naadde me paa Storfjelle og lægra midt paa det høgste; rundt alle Fjell gjekk det graae Yrur og var grinut og kaldt. Me reiv ihop ei Bosu av Kjerringkjørr til Underlag, sette ihop alle Aaklædi vore med Trepinnar so me fekk eitt svært Flak til Aabreidsle, og med di var Lega vor til Natti ferdig. Det var Taksten, aa ha eitt Ull-Aaklæde til Manns, og naar vi festa deim ihop paa denne Gjerdi, vart det ei Yvibreide so tung og god, at vi fraus ikje naar Vere var stillt, — so lengi alle laag heilande stille, da, var det nokon som bar til aa snu hell kaste seg det minste, var det slutt med aa halde paa Ylen sidan.

Men denne Natti var det ikje vandt um aa halde paa Ylen. Da vi vakna um Morgon, skulde døkk berre ha set: Snøen var komin so tjukk, at det synte seg berre som ein litin Runding yvi Matbumbom vore!

Eg gløymer ikje den Morgon paa Storfjelle; og so rart som