Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/25

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 21 —

eg skulde endeleg sjaa uppi Fjelle etter Reinen, han tykte det var laakt aa liggje like i beste Reinsvon, som vi gjorde, og ikje ha eit Spa fysste Gongen. Sjøl var han aldri nokon Skyttar, men hadde no Rifla med seg paa Voni. Det vart so, at eg tok Rifla og skulde gjera ein Svarv uppi Fjelle, det kosta ikje meg meir det, maa’ta i dei Dagom; men god Tru paa, at det vart noko i Gryta etter, hadde eg ikje.

Me laag i Krossnes-Budi den Gongen, og eg gjekk upp-med Krossnes-Aai og vilde sjaa inn i Vetlkvølven; eg tenkte meg, at der var beste Voni. Men da eg naadde uppaa Krossnes-Tunga, fekk eg Auga paa fire Dyr i ein litin Kvelv paa vinstre Handi — det var ikje lenger undan, hell eg saag beint ned i Budi vaar, der eg stod. Eg fekk godt Stilland paa Dyri og so forherdig som eg vart med same, fysste Gongen, maa veta, var eg ikje lang Stundi um aa stille fram og koma i høvelegt Skot med Dyrom. Eg saag det var eitt Dyr som ruvde meir hell hine, og det heldt eg paa. Jou, eg slog godt so Dyre vart liggjande paa Flekken og da eg kom burtaat, var det ei stor, feit Gjeldsemle — kann berre hende eg tykte, at detta var eit godt Varp. Eg kjende mest ikje til meg, der eg stod, kan eg tenkje. Semla laag og spente med Bakføtom og detta skulde eg gjera ein kvass Ende paa, fata Kniven utor Slira og skar ho i Halskroken; men meinar du ikje detta gjekk med slik Ofse, at eg fekk kjørt Kniven inni Tjukkleggen min med same, kav innaat Skafte, au! Til all Lykke var det ein litin, stutt Nabb til Kniv og eg fekk ikje anna Mein av det, hell at Foten kjendest noko stiv dei fysste Dagane etter.

Da fekk Karane Ferskt i Gryta. Han Farbror var stødt Kokk, han, og no kokte han Sod paa Reinslivri — Gud fri deg kor frek ho var! eg kunde ikje svelje fysste Skeidi. „Aa sup, Gut, Bitterdø du skal kjenne ho er god!“ sa han Farbror og soup som han skulde havt Betaling for det.

Me laag og gjætte Fe i mange Sumrar eg og han Farbror; han var stødt so glup aa vera i Lag med, aldri var han tungsint hell rangsnudd og difor kom me so godt utav det med kvarandre, eg og han.

Ja Fjelle er det tylegaste eg veit paa beste Sumaren — og so friskt og lett, det er mest som du ikje kjenner du trød paa