— 19 —
Tvoru-Stubbane, fann seg Øks og Ravl og sette uppi Lidi til aa flekkje Furubork — Mosen fekk han imot.
Sist kom dei endeleg so langt med det, at dei fekk tillaga noko Brødblanding baade av Mose og Bork, og ei Kjering baka upp ein stor Flatbrødstabbe av baade Slagom — me tok enda med nokre Leivar Borkebrød i Matkløvi, da me foor aat Heimdalen. Jou, det saag svært gjildt ut og ein kunde tru det var heilt Forkunmat enda-til — det var so gult og dant som det finaste Rømmebrød. Eg hugsar vel da me kom burti Heimdalsbui aat han Farbror og Nista kom paa Borde um Kvelden. Da treiv eg fysst etter det gule Borkebrøde. „Aa, lat detta vera, Jakup! du skal kjenne det sparar seg sjøl for deg,“ sa Far. Og so gjekk det, au — Borkebrøde var so beiskt, at eg fekk ikje ned den fysste Biten av det.
Jou, det var fysste Heimdalsferdi mi, det; han var stødt slik Kar til aa draga med seg oss Gutungane, han Far, kvar han foor; me fekk følgje med honom baade i Fjell og Fjøra strakst me vart so vidt me fekk Broki paa oss foruttan Hjelp. Same Sumaren var eg med honom ved øvre Sjaadalsvatne, han var der og drog Not, og annor Hjelp hell eg, ni Aar gamle Gutungen, hadde han ikje med seg — jou det skulde sagte verta Fisking av. Men trur du ikje eg var so arg likevel, at eg var med og drog nie Varp fysste Natti me var der — eg veit det var paa Naudknip for meg meir hell einn Gong um Natti. Naar Noti gjekk hardt paa Botnen, vilde ho tøygje Karen uti opne Vatne, da hadde eg ikje annan Utveg hell aa hekte meg fast i Einekjørrir med eine Handi, til Noti gav etter. Jou, vi tok ikje so lite Fisk um Natti, likevel, men dykk kan tru eg var vel endin, da me kom heim i Fiskebudi att i Solrenningi um Morgon — eg somna paa Brisken medan Fiskegryta kokte.
Fysste Sumaren eg hadde Fe i Heimdalen var eg atten Aar gamall; eg var i Lag med Anders Farbror, for han laag stødt i Fjelle og gjætte Fee sitt sjøl. Han var alle Tidir so aalvorsleg av seg, han Farbror, mest som ein Einstøding aa kalla for, som no tilkomne Ungkarar jamnan vert. Eg var no i dei villaste Aarom mine og dertil ein Galning, au, so det var ikje alle Gongar Anders tykte retteleg vel um meg. Men noko Leidt