Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/21

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 17 —

handle med Kjeringi um det er slikt Fe, døkk vil ha det. „So, du trur ikje da e noko vidare te Beist dao? du er fulla rimeleg pao Prisen og, dao?“ „Aa, me vert fulla samde um Prisen i Aar som førr um Aari, er Von; døkk fær sjaa paa Ruske i Morgo — eg har nok ikje høyrt gjeti Fe-Prisom iaar hell, eg.“

No vart det eit langt Samtal um Prisar og Bymarknad og dei knipne Slagtarane som i siste Tidom var dei, som raadde for By-Prisen paa Fee og med di hadde Fe-Karane i Lumma. „Du ska vita, da er ikkje no lenger som dan Tidi du, Jakop, handla med Fe. Dykk dreiv og handla med slike Gauvar som Jakob Meyer, Tofte, Rosenberg, Heftye og Mathisen paa Linderud — dei var ikkje so haole med Prisadne, dei Karadne. Men desse Slagtartrodli, dei er da versta du kann dragast med pao Marknaden — dei veit pao Morki kva eit Festykke veg, dei, og hev du ikkje plent vore gløgg med Innkaupe, so skal du ha Takk, da verte dan andre Vegen med Fortenesti. Og so verte da so skamlaust dyrt pao adle Vis — Hamneleiga i Fjedle, utyve Bygdedn og med Byen kjem upp i slike Prisar, at da finnst ikkje Meining i da lenger. Nai, da verte da greiaste aa slutta med Handelen, ser da ut fyre; so kann Bygdekaradne driva aaleina med da — dei hev betre fyre aa tena Pening dei, som slepp betala Fjedlhabni i Leirungsdalen.“

„Aa, det gjekk upp og ned med Fehandelen i mi Tid, au, ettersom Sumaren og Hausten var til. Prisane var smaae, naar me kjøpte inn og smaae, naar me selde att i Byen, imot no. Kom det eit Hell-Aar saa tapte me Pening paa Fee vort den Tidi, au. Men, seg meg, skal du liggje ved Hestevoll med Drivti til Sumars?“

„Nei te Sumars skal eg liggja i Nedre Heimdalen.“

„Ser du det! — ja da fær du Fehamn som er setande vert det berre god Sumar. Der kann de berre hende eg er kjend! eg tykkjest sjaa kvar ei Tuve og kvar ein Stein ved Osen og umkring Fe-Lægre. Men eg var no ikje gamall Karen da eg bar til aa ferdast der, heller, maa du tru. Eg fekk gjera Følgje med Far fysste Gongi i 1812, „Hardaare“, og da var eg berre 9 Aar gamall. Eg minnest enno so vel, som det skulde vore i gaar, da me budde oss paa den Heimdalsferdi. Dei hadde Fe ihop i