— 16 —
Etter som kvar vart ferdig ute, kom dei inni Stugo og „sette
seg inn“. Gamle-Per var den fysste; han kom berande med eit
Fangan smaakløyvd Bjørk han slepte i Ved-Roi: de var Meiningi,
det skulde verta Stellband og Stengjingsnaglar av deim utetter
Kvelden. Per var stødt so velsemleg og donteleg med allt; no
hekta han fysst saman dei gamle, slitne Hundskinn-Handskane, rengde
so av seg den stutte, velbøtte, steinblaae Frakken med dei breie
Fikkune i Sidom og hengde baade Handskar og Frakk paa ein
Veggjekrok ved Stugudøri. Kroken sat høgt og han Per var stutt
i Vokst, difor lout han strekkje seg dugeleg og da ruvde han so
skrinn og litin i Broki. So hekta han av Snøsokkane og hengde
upp-yvi Vedroi, fann seg eit Bryne og kvatte Tolkniven og med
di sette han seg paa Stabben med Nagl-Spikkingi si. Attaat di
var de Arbeide hans aa helde Eldsmaale ved Lag, Kvelds-Veden
var det eg og Stugujenta som bar inn. Og me tykte stødt det
var ein litin Hugna for oss aa bry han Per av Sessen kvar
Gong vi kom med Vedfangom vore. Daa tok han Tolkniven
millom Tennom, fløtte seg undan og gav oss eit Par olme Augo
naar vi var heller seine i Vendingi, og merkte han, at vi var
andløgde, sa han oss radt nokre velmeinte Ord attaat.
Med di same han Per var vel i Gonge med Naglom komi, var Budeia ferdig til aa setja seg inn, fann Ullkorgi si og Rokken og spann so det dura yvi heile Huse. Og no kom han Far inn, berande paa Selety, Reip eller anna som var i Ustand og skulde vølast i Kveldseta. Um det ikje var Revs-Glefsa han skulde fli upp att, for den hadde han ute Vintren igjenom. Denne Gongi vart de no berre smaatt med Arbeide, maa’ta; da han hadde skilt seg med det han hadde i Hendom og lagt Vottane paa Bostkaste, vart det Neva-Helsing og Takk for sist med Framandkarom og so barst det midt uppi Røda um Fe og Fe-Prisar og Bymarknaden i Haust var, med einn Gong. Fysst skulde no Kristen høyre, um det var noko Fe der paa Garden tilfals.
„Ja eg veit ikje eg, det skal fulla vera nokre Krokar, au.“ „Krokar? e de da Skrangle-Fe og? — Kvige-Fe?“ „Det skal sagte vera tvo tvoaarings Kvigur og ein triaarings Graungs-Pose — eg har ikje set paa deim eg, sidan dei kom paa Baasen ihaust. Men det er visst ikje mykje aa staa etter, skal eg tru. Døkk fær