Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/191

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 187 —

aat, naar det var eitkvart dei skulde hemne seg for — der stod dei paa Lyd naar eg las upp Brevi, eg hadde skrivi, og naar so „Veslin“ var „ferdig paa Kantore“, fekk han att heile Leksa. Var det da ei framandt Ord eller ein kleimin Snu med i Breve, so hermde dei etter, skapte seg, vilde tume meg bak Øyro og hadde slik Gaman, at det var reint ein Utokke aa sjaa det.

Og eitkvart anna var det au, som kunde gjera ein baade arg og uloten, soleis som med det Fø’raadsbreve, eg ein Gong skreiv aat dei tvo Gamle paa ein Plass under Garden heime. Tvo eller tri Aar etter, vart det noko Tvidrag um Fø’raadi millom Ungmannen og den Gamle. Det var enda um 3 Lass Tad til Fø’raads-Aakeren, og som Ungmannen kvar Vaar skulde kjøre paa. Gamlen sa, at i Breve stod det „3 Læs med Karm“. Nei, sa Ungmannen, det staar „3 Læs foruden Karm“. Ingen av deim var brevsynt, men enda heldt dei baae like stridt paa kvar sitt. Fø’raads-Kjeringi fekk Misstru til dette Breve, som kunde hermast soleis paa tvo Maatar som baae slog ihel ein annan — Gud veit no kva det var til Brev au, etter di det var ein klaar Gutunge, som sette det ihop. Difor tok ho det med seg og synte det til ein klok Skylding ho hadde og vilde høyre, kva hann sa til godt. Jau, han sette paa Glasaugo og las det igjenom baade tvo og tri Gongar, og kunde ikje finne det Slag aa peike paa, det var baade greidt og klaart skrivi, sa han; men det var ein ful Knett med di likevel, gat han um: Fø’raadsbreve var skrivi av ein, som ikje hadde gaatt for Presten og um Breve kom for Retten og dette vart kunnigt, so galdt ikje heile Breve meir hell ei gamall Almnakke. Det foor kaldt nedyvi meg da Gamla kom og fortalde meg, kva den kloke Skyldingen henne hadde sagt. Eg heldt Øyro stive og trøysta ho med, at naar det var vaksne og gyldige Vitner med, so var det ikje Spurlag etter den, som hadde skrivi, naar det elles var rett gjort — det stod seg nok, antell det kom for Stiftsrett hell Høgsterett. Men hjaa meg sjøl kjende eg meg ikje trygg og eg kjende det som ein leid Støyt: skulde dei berre vera ugyldige au, alle dei Brev og Semjur eg allt hadde sett ihop, jau det vilde sjaa vakkert ut! Den som berre var vel framsloppen.

Men da det leid so langt, at Repparitaren var godt og vel