Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/190

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 186 —

Klokka var slegin og kunde sidan med stor Nød faa Augo fraa Papirarke, likesom Jenta heller ikje hadde lettare for aa faa sine fraa Golve. Paa denne Gjerdi sat me bendast paa baae Sidur og hadde det andmodt, me kom ingin Veg, men kjørde oss fast til alle Leidir. Nei, da maatte ho antell upp med Breve me skulde svara paa, eller ho lout seja beint fraa, at det var „Guten hennar“ me no var i Ferd med aa skrive til. Og da datt Blygsla av oss sovidt, at me til sist fekk sett ihop ein Brevstubb. Men seint gjekk det og svært kvardagslege trur eg dei var, desse Kjærleiksbrevi, som gjekk gjenom mi Hand. Verst farin var eg den Gongen, da den unge Budeia i Grannegarden kom aat meg ein Laurdagskveld i slik Ærend. Ho hadde tent i Romsdalen i tvo Aar, eg trur det var i Gryttens Gjeld — sjøl visste ho det ikje, som det synte seg. Og dernede gjekk Kjærasten att og lengta seg baade bleik og sjuk, etter som han hadde skrivi, men Breve hans var det ikje Raad ho kunde vise meg. Ho var so blyg og ille ute da me byrja Arbeide, at ho pintest verre hell i Skirselden, og mykje betre hadde ikje eg det, heller. Med mange Umvegir og Krokar og vare Spursmaal, som likevel fekk oss baae til aa raudne upp-i Haargarden, sleit me oss endeleg igjenom eit Halvark eller vel so det. Men med di var enno ikje Vandskane ute —, da eg bad um faa vita Sendestaden, hadde ho ingi Greide paa den, enda ho hadde vore der i tvo Aar. Ho nemnde Namne paa Garden ho hadde tent paa; ja, men Prestegjelde, „du maa da vita Namne paa det,“ meinte eg. Nei ho visste det ikje; „men skriv Gardnamne du — elles tenkjer eg det var Prestegjeld der, for Kyrkja var straks attmed og Prestgarden laag lite nærare Postvegen.“ Um dette Breve kom fram til Kjærasten fekk eg ikje spurt, men da Jenta vart laus or Tenesti ved Sumarmaal, foor ho attende til den Bygdi i Romsdalen ho hadde vore i, og da fann ho vel ut, um det var Prestegjeld der Kjærasten henne budde.

Aa jau, det hadde sine Vandskar og myrke Flekkir aa vera Brevmakar i Grendi, au; um eg no vann meg eit godt Ord so eg mestsom skygde burt baade „Skulin“ og Hans Lykkja, so fylgde det eitkvart med denne Æra paa mange Gjerdir, som eg just ikje kjærde meg um. Berre soleis som Tenestjentune heime bar seg