— 185 —
domen vekse Aar for Aar. Han kom burt til Borde, sette Henderne ned paa Kanten og saag paa meg yvi Glasaugo: „du kan setja i Breve, at me ber til aa verta svært tuskne av oss baae tvo — eg har, Bitterdø, gaatt med slik Hovudillske og havt so illt for Bringa desse Dagane sidan Breve deira kom, at det er fælt!“
Ein annan Føraadsmann i Grendi hadde au ein Son i Amerika, eg alltid skreiv til, naar Far’n hadde faatt Brev fraa honom. Og kvar Gong han kom heim i den Ærendi, var han i Kyrkjeklædom med ny Raudluve og ny, svart Spælvest. I Baklumma gjekk han med 4 Lod Kaffe han fekk Mor til aa koke, so heile Huse fekk ein Umgang. Han au, let meg raade for, kva som skulde staa i Brevi — sume Tidir kunde han minne meg um eitkvart Nytt, han ottast for eg antell kunde hava gløymt, eller ikje kjende til. „Aa ja, san, ja, ja mi-sann, san —: du gløymer fulla ikje aa melle, at det er vorte „adskillig“ ei gamall Fø’raadskjering her i Heimegrendi no, sidan me sist skreiv aat honom.“ Han meinte, at ho hadde teki Avskil med Verdi. „Ja, mi-sann, og so maa du ynskje honom tillykke med Forandringi, — det fær oss for allt ikje forrgløyme!“ Sonen hadde skrivi um, at han „den 8de Oktober blev viet til den hellige Ægtestand med en Pige fra Østerdalen“.
Siste Gongen han bad meg um aa skrive til Sonen, kunde han fortelja meg, at Sonen hadde byrja med Skoarbeid, enda han aldri hadde vore i Skomakarlære. „Haa, haa, haa, sa’n! aa for ein Skomaker, du! Men dei har nok ei annor Gjerd paa det Handverke au, i Amerika; det sit ikje einn Mann med ein og tvo Drengjir, der, dei har liksom Kontor paa det, der — aa ja mi-sann.“
Nokre faa Gongar hende det, at eg i Løyndom vart sett til aa skrive Kjærleiksbrev, det var enda Jentur som gjorde slik Ære paa meg; men kven som dei Gongane var blygast av Skrivaren og den, han skreiv for, skal eg ikje kunne seja til Visse. Dei gjekk alltid umvegjes for aa faa meg til aa skjøne, kva Ærend Breve retteleg hadde, og fann ofte paa ei liti Lygn aa byrje med um Aarsaki til, at dei so endeleg maatte ha skrivi aat honom Ola, Hans, Knut, eller kva han kunde heite. Men eg høyrde svinnt kva