— 184 —
Brevi kom, vart det ein stor Dag i Huse; det er no alltid kjærkomi aa faa Tiend fraa Bornom som fer ute i den vide Verdi, og „han sjøl“ tykte det var grepa aa høyre, at Gutane gjekk frametter i Velstand, for kvar Gong dei skreiv heim aat honom. Naar han skulde sende Svar til Sønine, kom han oftast ein Dag fyriaat og dagstødde, naar me skulde skrive og lagde att Breve, som eg da kunde studere vel paa, for aa tenkje etter kva me kunde setja i Svare. Til vanlegt fekk eg maksle Svare just som eg sjøl vilde, men kom han sume Tidir paa noko, han tykte lout staa i Breve, so var det ikje anna fyre, hell aa taka det med um det elles høvde som Godag — Økseskaft.
Etter han var langt uppi Aari komi, fekk han eit Amerikabrev att ein Haust, fraa eine Sonen. Um nokre Dagar kom Kjeringi aat meg med Helsing, um eg vilde gjera vel taka Skrivegreiur med meg og koma i Huse aat deim for aa svara paa Breve — „han sjøl“ var so laak i eine Knee, at han kvidde seg for aa gaa paa den harde Haustklaken. Eg lova ut aa koma um Morgonen, og da eg kom i Huse hadde han reidt paa Borde med Smør og Rømmebrø, og fram i Peisen stod han Lars og smaafrøste — Kjeringi drakk ikje Kaffe og vilde difor aldri ha med Kaffestelle aa gjera, difor gjorde han det, au, sjøl. Me vart samde um aa taka Godgjeringi, naar me var ferdige med Arbeide og klembde iveg straks. Ja — eg fekk no fyrst skrive, at dei baae tvo var friske som dei hadde vore, livde vel i alle Maatar og hadde ikje noko aa klaga seg fyre, „sidan skriv du, som du sjøl vil, det er, Bitterdø, ikje verdt at eg ordernera deg, du veit korleis det skal vera daktera, du; Att-ræsa (Adressen) har du fyrr“.
Men medan eg sat og daktera som best og longe sidan hadde skrivi um, att dei tvo Gamle var friske paa Kropp og Sjæl, etter deira eigne Ord, hadde nok han sjøl faatt eit Hugsviv medan han sat og gjætte etter honom Lars. Han hadde tenkt etter, at det kunde høve seg vel no aa setja i Breve noko aalvorslegt, noko, som kunde skaka lite i Bringa hjaa desse tvo Fuglom, som gjekk der og lagde seg Pengar tilbeste i Amerika. Dei vilde hava godt av aa verta saarvekte so høvelegt, so gløymde dei ikje so lett dei tvo Gamle, som gjekk her stulla for seg sjølve og kjende Alder-