— 182 —
som gjekk paa Skulen, lout ho alltid ha. Men so med Eitt snudde Mannen um: det tok til aa koma Brev og Pengar, heller flust, til kvar Tid og no letna Tidine for Kjeringi. Men det letna ikje for Repparitaren aa „daktere“ Svari paa alle desse kjærkomne Brevi fraa Mannen — ho kravde meir og meir baade paa Lengdi og av det, som var „rørandest“.
Eg hadde mitt visse Merke paa, um eg hadde gjort so godt Arbeid at det var henne heilt til Lags, eller um eg hadde skilt meg berre so maatelegt ved det. Var Brevi etter henna Hug, so løyste dei ei fæl Bløyte med Taarar som ikje gav seg, fyrr ho hadde sveipt dei vel inn i Turklæde og gjøymt dei i Barmen. Men hadde eg ikje raaka dei rette Strengjine, vart ho stutt paa Nebben og dei Lovord, eg elles plaga faa, vart det stillt med. Og eg kann ikje anna seja hell eg tykte, eg var best farin dei Gongane, ho var lite missnøgd, enda det var no so som so aa sjaa, at ein hadde gjort kleint Arbeid.
Einn Gong kom me i ei stygg Knipe; ein Gap hadde funni paa aa sett i ho den Lygni, at Mannen var henne utru og dreiv som Ungkar inne paa Østerdalsbygdom. Sorg og Sinne stridde ein fælande Strid i henne, og den skulde no eg finne eit framkjømt Far til i eit Brev til Mannen. Etter mykje Graat, harde Sinnaridir og endelause Rødur valde ho endeleg aa gjeva honom ei Avreidsle, so kvass og hard, som eg kunde faa sett i Pennen. Detta maatte eg avøyde og da me hadde set paa Saki fraa alle fire Sidur, vart det so, at me skreiv paa den vanlege Gjerdi — denne Gongen, men fekk ho meire Visse for, at han var henne utru, til næraste Gong, skulde han faa eit slikt Brev, at han skulde misse baade Matlyst og Svevn dei fyrste otte Dagane etter.
Det var ei heil Rad av Folk, kvar med sitt sermerkte Lag og Huglynde, eg paa denne Gjerdi kom i Lag med den Tidi, eg var Brevmakar i Grendi, og eg tykjyst enno so skilligt sjaa og høyre kvar einn av deim, naar Minni sume Tidir sviv attende til desse Dagom. Kvar hadde si Bragd og var seg sjølve baade i Helg og Yrke, og difor sette dei seg fastare i Minne hell Folke no, da alle er som dei skulde vera støypte i den same Kuleformi, eller slegne i same Spikar-Laadi. Um det kannhende vert noko lang-