Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/185

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 181 —

Pengane sine att med det fyrste. Men Jammer og Klagur kom ho aldri med.

Ei annor Kjering i Grendi som au hadde Mannen ute paa Viddi, skreiv eg alltid Brev for, men ho var ikje so lett aa gjera til Lags med Skrivingi, ho. For det fyrste skulde Brevi vera „laglege“ og ikje forr korte; so vilde ho ha noko i deim paa Slutten som var „lite rørandest i“, noko, som paa en fin Maate sa Mannen kor baade ho og Borni heldt av honom; men det maatte ikje skrivast paa den Visen, at det var antell ult eller barnvori. Dette var ikje alle Tidir so endefram aa faa gjort — verst av allt var det, naar Brevi var stutte, da vart ho ybbin og sa ikje somykje som Takk for Arbeide. Ein ung Gardmann som fløtte inn i Grendi, skreiv soleis eit Brev for henne i ei Snarvende, men gjorde det so reint forkort, at han med ein Gong fall i Unaade for alle Tidir. Der vann eg ein Siger, for sidan heldt ho seg stødt aat meg.

Just nokon sers Hugnad var det ikje aa vera fast Brevskrivar for denne Kjeringi, for ho gav alltid ei so ugrei, rar og vinglute Fyrimæling um det eg skulde skrive, at eg visste korkje ut eller inn og maatte grune paa harde Live for aa finne ut Meiningi. Og medan eg skreiv stod ikje Munnen still paa henne ein Blunk: ho foor Bygdi rundt i tanande Renn, fortalde Bygdenytt og gav meg Rettleidingur for Skrivingi, um ein annan. So kunde ho koma innpaa Armodi og Fatigdomen sin og da gret ho so Taarane rann; i same Stundi hadde ho ei løgleg Herme etter einkvar fraa den Tidi, ho tente i Gardom upp med Vaagaavatne og da kom Laatten fram. All upp var ho ei forunderleg Blande, ujamn og skiftande med Graat og Laatt i den sama Hiti, eit stort Baan og eit einfaldugt Godmenne, som kunde verta baaneglad for eit godt Ord og furten for Ingenting. Ho hadde det smaatt, sat paa ein Skarveheim med mange jamnsmaae Born og sleit seg igjenom med aa fara i Gardom og baka Flatbrø, og det var ho overlag dugande til. I nokre Aar etter Mannen hadde teki paa Viddi, høyrde ho ikje eit Ord fraa honom eller fekk ein dansk Kvit aa hjelpe seg med, og i desse Aarom stridde ho av all Evle med aa halde Live i Hopen forutan aa koma paa Fatigkassa; lite Hjelp til dei Borni,