— 180 —
dei Velstandsfolk; dei hadde ein litin Farm dei dyrka Hagevekstir paa og ho Guri kjørde til Byen med deim til kvar Tid um Sumaren, medan Guri-Knut ruslar att heime paa Farmen med Hagearbeide.
Ei av Grandkonom henne Guri var au av deim, eg jamnan skreiv Brev for; men ho var paa ei annor Gjerd paa alle Maatar. Den stillfarande, velflidde Kona sa meg greidt, kva ho hadde aa skrive um og let meg so raade for, korleis eg vilde setja det ihop. Det var Mannen ho hadde aa sende Brev til, da han hadde teki ut paa Vegarbeid og fari burte i nokre Aar. Kjeringi sat att med 8 Born paa ein Plass som ikje gav eit Ku-foor, ein Gong. Fraa Mannen kom det 2 eller 3 Dalar ein Gong annankvar Maanad og korleis ho kunde føde Hopen med desse og det Spunearbeide, ho kila med seint og tidlegt, var uskynande. Og det underlege var, at Borni henne aldri saag ille ut, dei var friske og raude i Kinnom og var reine og velbøtte kvar du saag deim. Sjøl klaga ho heller ikje, men eg saag meir hell ein Gong, at ho stridde med Graaten og sume Tidir, naar ho lout nækje dei saaraste Flekkine, forrvann det ho, so han braut laus, saar og skakande. Dette var so tungt aa sjaa og eg, Gutungen, fann ikje eit Ord til Trøyst eller visste nokor Hjelp aa gjera — det letta aa vita, at ho Mor ofte hjelpte med eitt og anna, men det gjer vondt aa sjaa eit vaksi Menneskje graate so hjelpelaust og saart. Brevi eg skreiv for henne var stødt berre korte — ho senda ein Takk for dei siste Pengane og gjorde Greide for, korleis ho hadde brukt deim. Den eine Dalaren hadde ho kjøpt Mat for og den andre hadde ho lagt paa Skuld for Matvarur, ho hadde faatt fyriaat hjaa Verten, eller for Høy og Halm ho hadde faatt til Kui. Var det meir hell tvo Dalar ho sist hadde faatt, so var den siste Dalaren brukt paa same Gjerdi. So fortalde ho, korleis dei livde, at dei smaae hadde Helsa og korleis det var med Kui, um ho hadde bore eller snart var ventande, og soleis. Tilslut nemnde ho paa, at um Mannen saag seg Utveg til aa sende Pengar att til den eller den Tid, so vilde dei vera kjærkomne — ho var skuldig 2 Mark eller kannhende Halvdalaren til Broren aat Verten, og han hadde gjeti um ved ho, at han saag gjerne han fekk