Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/183

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 179 —

det paa ein Flekk fyrr eg byrja. So nær som ho Guri naar ho kom aa skulde ha skrivi til Sonen i Amerika, ho var det ingi skapte Raad med — da var det aa gjeva ein god Dag i alle Reglar. Aa ja, ho hadde ikje halde seg vel etter Reglom sjøl ho Guri heller i sume Maatar; ho hadde havt tvo Born utanfor Reglom, og det eldste av deim, ein Son, hadde no vore i Amerika i mange Aar og var ein Velstandsmann vorti. Den Gongen denne Sonen skulde til Kristnan hadde ho Guri ei Beite med „Gamel-Klokkaren“; han tykte ho høyrdest noko ustø i Ordom, da ho skulde gjeva upp Barnefaren og vilde ha rein Uppgjeva. Men ho Guri kunde ikje gjeva Klokkaren full Visse; „høyrt slikt Menneskje! — du maa da vita det!“ sa Klokkaren. „Ja hadde eg visst det, so hadde det vore so greidt, da,“ svara ho Guri. Dette kom ut og da Baane var kristna og Faddrane kvilte i ei Stugu i Kyrkjevegen, tok Bror henne det paa Armane, huska det og song ein gamal Baansang han brigda paa soleis: „sulla, rulla liten Gut, som har so mange Faran’, fyrst han Ellan so han Per og sia’ alle Karan.“

Ho var ei stutt, tjukk Lubbe, mest like stor paa alle Kantar, og so bles ho og hæste kvar Stund, som ho skulde vore sprengd; sagtmælt og utur Lagi seig i Snakke var ho, og det varde meir hell ei Øgt kvar Gong me skreiv til Sonen, for ho vart aldri ferdig med den siste Ettersleppen ho lout ha med i Breve. „Aa nei, eg som gløymde aa seja Kjeringi hans Per Takk for det Æretegne ho senda henne Mari!“ sa ho ein Gong, da me hadde læst Breve. Kjeringi hadde senda eit Nyttaarskort aat Dotteri henne Guri og so maatte me opne Breve att for di Skuld.

Verdi kan skjera underlegt til sume Vendur. Paa sine gamle Dagar aa kalle slog ho Guri Lag med ein ussel Krok til Kar, som aldri hagde dugt til nokon Ting og snaut nokk kunde tene Maten. Da det kom ny Prest og han fekk vita um Samlive deira, maatte dei gifte seg; den Gongen var ho Guri hardleg over dei femti og Mannen noko yngre. Han heitte Knut og bar Namne „Guri-Knut“ for det var ho, som stod forr Huslyden og fødde deim baae. Um nokre Aar bar Grendi til aa ottast fyre, at desse tvo straks kom paa Bygdi; men da kom det Pengar og Ferdasetel aat deim ein Vaar so dei kom iveg til Amerika. Nokre Aar etter var