Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/182

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 178 —

stødt Ugreide med, og dei hundrad Gongur dreiv dei tvo og „sprang Rund“ i Brevom mine, eller eg kunde faa heile tri Slutnader! Det var so forargelegt, at ein kunde sprikke. Ja, Kjeringane, dei kann vera ei Guds Straff her paa Jordi.

Der kom dei so stilferdige, sagtmælte og gudnaadslege som Sauir, med eit Brev, dei hadde balla inn i Turklæde, mest som Salmeboki naar dei gjekk til Kyrkje — sette seg paa Krakken, sukka djupt og bar til aa vagge til ymse Side med Yvikroppen. Ein kunde helst vente seg, aa verta nødd til aa draga Ordi upp utor dei med ein Krok, som dei saag ut med same. Men du store Vedonder, for ein Floum det losna, naar dei hadde rugga til ymse Leid so lengi, at dei tok Demma fraa! — da vanta det ikje paa Talegaavune og eg fekk ei Lekse um kva eg skulde skrive og kva eg ikje skulde skrive, og stødt enda dei med: „ja, det skjøna du nok sjøl best, du.“ Men det var nok det dei ikje leit so vel paa, for best dei slepte allt paa meg og bad meg skrive nettup som eg sjøl tykte var høvelegt, so sa dei fraa kva eg skulde seja um eitt og so um hitt, ikje maatte eg gjeta det, eller nemne paa det. Var eg endeleg komin so langt, at eg var godt og vel midt inn i Slutnadsbolken — jau da hadde Kjeringi gløymt noko, som endeleg lout vera med, det var ikje Raad med di. Hadde eg so skrivi den siste Helsingi og sett Underskrifti, so kunde eg vera sikker um, at ho drøymde upp att ei Helsing, ho hadde lova antell honom Per eller honom Paal aa sende med. Ikje ein Gong, men tie, maatte eg rive av den læste Brevsveipen for aa faa med ei Helsing eller noko anna, som hadde vorte gløymt. Eg kjende meg tidomtil reint uppgjevin og var fælt skamfull av desse Brevom mine som var ei einaste Røre, beint imot alle Reglar. Kva vilde Klokkaren eller Skulmestaren paa den framande Staden tenkje, naar han las slikt Rot? Han maatte tru dei var nokre store Stakkarar med Pennen likavel, der uppi Gudbrandsdalen, kor gjilde dei no elles stødt heldt seg paa andre Gjerdir.

Lite betre gjekk det, da eg hadde brennt meg lenge nok og eg, etter som Tidi gjekk, lærde aa kjenne Folki mine; da gav eg meg betre Tidir, letst som eg skreiv og fekk ut av deim baade allt dei gløymde den fyrste Beita og sidan alle Helsingune, so eg hadde