Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/181

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 177 —

i Pungen, so var det hellerikje rett lenge eg heldt Æra ved det so stor — eg hadde vist meir hell gjenne lete ho gaatt for ei skikkeleg Spikesild. Men Yrkje førde meg i samen med mange Folk eg lærde aa kjenne paa den Gjerdi, og eg vart gjord kjend med Umstødur som det nok ikje legst til for alle Gutungar, aa verta sette inni. Og meir hell ein Gong fekk eg glytte inn i dei aller innaste Løyndomar, eit Hjarta kan gaa aa bera paa. Det kritla i Faafengdi mi dette, maa vita, og lærde meg kannhende upp til aa vera vaksnar til sume Leidir, hell høvelegt var; men eg hugsar ikje, at eg nokon Gong missbruka reint det Take, eg soleis fekk til sjaa bakum Klevadøri hjaa Folk, hjelp ikje eg ofte kom uppi morosamde Høve, au.

Det skulde vore noko for ein, som granskar Menneskja aa ha vore i min Stad, desse Aari eg var Repparitar; men eg var sjølsagt so grøn, at den Sida ved Yrkje mitt, hadde eg lite Gagn av. Det var det løgne, det sere og rare hjaa sume av deim eg var Skrivar for, som eg tykte det var Mon og Gagn i. Ikje for di, det var ikje berre Moro og Løgi allt heller — eg fekk sume Tidir ein Glytt ned i ein Avgrunn av botnlaus Sorg og raadlaus Nød, som gjorde meg maallaus og fælin attaat di, det gjorde meg hjarteleg illt. Difor gjekk det ikje rett lange Tidir etter eg tok Embette, fyrr eg meir hell gjerne hadde kvitta meg ved det att.

For det vart liksom fleire og fleire Vandskar etter som det lidde, og etter som eg sjøl lærde aa setja større Krav til dette Arbeide mitt. Av „Formularboki“ hadde eg lært, at eit velskrivi Brev som hadde den rette Gjerdi, skulde ha tri Bolkar: Inngang eller „Indledning“, Hovudinnhald og Slutnad. Etter desse Reglom freista eg da alltid aa halde meg og henda det, at eg trod utanum, so kjende eg meg som ein stor Brotsmann og gjekk arg paa meg sjøl halve Dagen etter. Og just det var so forargelegt, at det stødt skulde leggjast til aa synde mot denne elles so endeframe Regelen, som han kan høyrast ut for aa vera. Kvar Gong det kom ei Kjering og vilde ha „daktera“ ihop eit Brev, so stod eg i den største Faren for aa snu op og ned og ut og inn paa baade Inngang, Hovudinnhald og Slutnad. Hovudinnhalde og Slutnaden var det