— 174 —
i ei ny og framand Verd, vekte nye Tankar og tvinga Folk til aa sjaa paa Live og Umstøune nærast umkring seg. Difor kom det dei Amerikabrevi, som kunde verta rødde um i lang Tid baketter millom Grendsfolke.
Paa desse Brevi laut det gjevast Svar og det helst slike, at det var lite Gjerd paa deim; var soleis han Knut i Nærleiken med Skulen, so fall det paa han aa svara paa Amerikabrevi, for det var ingen som var betre til aa „daktere“ hell hann. Men var han ikje paa dei Kantom, so greidde no Hans Lykkja det au, um han just ikje var ein slik Klyppar med Pennen som „Skulin“, som heller ikje var aa vente. Umframt han Hans var det ikje fleir aa gaa paa hell „Hansliguten“; men den Raringen, for det var han no, var mest aldri i Grendi lenger; Far var nok heller ikje just klein til aa skrive, men aa faa han til aa skrive eit Brev — nei da hadde han nok heller gjort antell det hadde vori ei ny Øks eller eit Brotargrev. Soleis var det ikje fritt for, at det vanta ein Brevmakar, Grendsskrivar, Repparitar eller kva ein rettast skulde gjeva ein slik Mann til Namn. Og underlegt er det, korleis Tidi sjøl føder det, ho har Torv til.
Eg hadde mange Gongur tykt, at det var ei stor Konst Knut Skulmestar kunna, naar han sette ihop Brev aat Folk som kom paa Skulen og skulde ha skrivi noko, og eg fekk slik urimeleg Hug til aa skrive Brev, at eg byrja gjera Faktir fyrr eg lærde aa skrive „Sammenskrift“. Far var sinnt og sa, at disom eg foor med desse, lærde eg aldri aa skrive skikkelegt, allt eg var til; han hadde fulla noko aa fara i med di, men da eg var paa ottande Aare vaaga eg meg til aa skrive eit „Forretningsbrev“ aat ein Systkynbarne mitt, som eg visste var brevsynt. Breve var um ei Fele han hadde lova ut aa gjort aat meg, og som det saag ut til ikje aa verta meir av med. No vart han da strengt tilhalden aa halde Ord og ikje fara soleis aa „skuffe“ meg, som hadde liti so visst paa Lovnaden hans. Og eit „rett“ Brev, som var ihoplagt som eit „vaksi“ Brev, med Lak og Signet paa, maatte fulla gjeva honom anna til Skump, hell alle dei Bodine eg senda med Syster hans, maa vita. Um nokre Dagar fekk han eitt til og sidan baade eitt og tvo kvar Viku — men ikje gav han Svar og ikje kom Fela,