Brevmakaren.
Det var just ikje stor Spurnad etter brevsynte eller penneføre Folk heime i Grendi enda, i dei fyrste Sekstiaarom; fall det seg so det skulde skrivast ei Husmannskontrakt, ei Føraadskontrakt eller eit Gjeldsbrev av det eine eller andre Slage, so gjorde oftast Knut Skulmestar det, naar han var i Grendi med Skulen. Vanlege Brev Mann og Mann imillom var det mest aldri Bruk for, og det gjekk heile Halvaare og lenger au, som det ikje kom eit skrivi Ord inni Grendi — som hadde fari med Posten, da. Var det einkvar, som hadde søkt ut paa Jordarbeid imillom Vaaronni og Slaattonni, ned i Romsdalsfjordane, paa Haverøyi og dei Kantom, so kunde det hende, han senda nokre Ord heim att — um han hadde ei sers skripin Kjering. Var ho ikje meir hell vanleg paa den Handi, so tykte Mannen det var lite aa fara med for desse 6, 8 Vikune, aa bry seg med aa skrive heim att og koste burt 4 Skilling i Postpengar, umframt Papir og lite velgjort aat honom, som skreiv.
Med desse skifta det vonoms snøggare, da det leid nokre Aar frametter; da bar det til aa verta fleire og fleire som fekk Skyldingar, Venir og Kjenningar paa hi Sida av „Storhave“, og det tok til aa koma Amerikabrev inni Grendi baade ei Tid og annor. Og soleis, i Fyrstningi, var eit Amerikabrev eit Storhende som spurdest yvi heile Grendi straks, og var det Portræt med au, so maatte baade den eine og den andre, serleg Kjeringune, ivegen aa sjaa um Brevskrivaren, Kjeringi eller Ungane hans var „like seg“. Allt rart som kunde staa i desse Brevi da — dei opna ein Glott inn