— 171 —
eg skulde vori med sjøl, baade heime i Huse hjaa „Gamelspektøren“ og henne Malena, i Kyrkjeferdi Pinsedagen og i Fiskeferdi til Aumlidi. Og so Kjærleikssoga hans Bersvein og henne Ragnhild! — der kan det berre hende eg var med — eg var no visst likso ille ved eg, da ho Gamel-Kari sjøl kom uventande over dei Unge paa Sætri, som han Bersvein og ho Ragnhild, enda eg berre las um korleis det gjekk til. Og „Tjønnmogubben“ var eg so sinnt paa, at eg knytte Nevane og skar Tennom, Trolle! — men han au, likna eldre Menn eg kjende heime i Grendi! ein skulde aldri seet so rart, heller. Sogune hans Imbert Kolkjørar lout eg lesa upp mange Vendur um Vintren, baade for dei hine i Huse og for Framande som kom so ein Kveld imillom — det laag Folk i tvo andre Sætrir i Nærleiken au, um Vintren, og Budeiune gjekk imillom ein annan, da og da, for aa stytte av dei lange Helgekveldane. Og da var „Ulve-Skrea“ eller „Bryllaupe paa Kjerengen“ alltid so gjæve.
Ei Tid etter Nyttaar tok denne hugsame Sæterlego Ende. Sæterhøye gjekk med og heime i Grendi fall det eit Gravøl paa, som me ikje kunde vera burte fraa; og so skulde den nye Skulmestaren byrje Skulen i Fjordungen etter Gravøle. Det var reint stuslegt dei siste Dagane, og eg foor ute paa Skiom mest all Dagen for aa faa take med all den Hugnaden, eg kunde naa i. Den breide Dalen med dei tvo Fellvatnom og dei jemne Skoglidom, laag der so ljos og fager i Soli og med høg, blaa Himil yvi seg — og heime var de enno att ein fem, seks Vikur av Solsvelta! Heruppe var det so tylegt, antell det var seint eller tidlegt — berre dei ovvæne Letine Fjelle fekk um Eftan naar Soli heldt paa aa glada! Der laag Heidalsfjellil, Rundarne og Bringsfjelle med eit bjerkt, raudgult Solgull yvi seg so levandes fagert, at ein aldri vart fornøgd av aa sjaa paa det, medan Loms-Horungen og Fjelli paa Vestkanten laag der drivkvite mot den iblaae Himilen. Og so Morgonstunde naar Soli kom ned etter Fjellsidom, Flyom og Bjørkelidom! — Isnaaline glima som Stjernur og senda lange Bundtar med Straalur fraa seg, medan Trei øvst i Furuskogen, der dei stod meire grisne, lagde ein kolsvart Skugge etter seg paa den blenkjande kvite Snøen. Men forrmeir hell allt anna var det